Tilsyn med skolemiljø og internkontroll - felles nasjonalt tilsyn 2022-2025

I dei næraste åra skal utdanningsavdelinga hos Statsforvaltaren ha tilsyn med mange av kommunane i Rogaland. Tilsynet blir kalla eit felles nasjonalt tilsyn fordi alle statsforvaltarane i heile landet skal gjennomføre same type tilsyn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2022

Tilsynet handlar om internkontroll og skolemiljø: Me skal undersøke om kommunen gjennom den lovpålagte internkontrollen passar på at dei tilsette varslar rektor, undersøker og set inn tiltak i saker der dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har et trygt og godt skolemiljø. I år skal me undersøke dette i Suldal og Haugesund.

Utdanningsdirektoratet har laga ein nettstad som heiter RefLex. Der kan de finne meir informasjon om kva me kjem til å spørje om når me kjem på tilsyn.

Reglane om internkontroll

Kommunal – og distriktsdepartementet har laga ein rettleiar som heiter Internkontroll i kommunesektoren. Rettleiaren handlar om internkontrollreglane i kommunelova, og kan vere til god hjelp i arbeidet med internkontroll i kommunen. Målet er at kommunen sin internkontroll skal bidra til å førebygge og hindre regelverksbrot, og sikre at regelverksbrot blir oppdaga og retta. Det er kommunedirektøren som har ansvaret for at kommunen etterlever regelverket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.