Privat grunnskuleopplæring i heimen
Skoleåret 2025/2026 er det 37 barn i Rogaland som får privat grunnskoleopplæring. Denne opplæringa inneber at foreldra sjølve underviser barna sine heime. Kommunen har plikt til å føre tilsyn med opplæringa i heimen.
Privat grunnskuleopplæring i heimen er regulert i opplæringslova
Etter opplæringslova §§ 2-1 og 2-2 har alle barn og unge rett og plikt til grunnskuleopplæring, frå det året dei fyller seks år til dei har avslutta 10. trinn. Foreldre kan velje om plikta skal oppfyllast ved ein offentleg skole, ein privat grunnskole eller ved privat grunnskoleopplæring i heimen utført av foreldra.
Privat grunnskoleopplæring i heimen er regulert i opplæringslova § 22-5.
Foreldre må melde frå til kommunen
Foreldre har plikt til å melde frå til kommunen dersom dei skal gi barna privat grunnskuleopplæring i heimen.
Krav til privat grunnskuleopplæring i heimen
Barn og unge som får grunnskoleopplæringa i heimen har rett til å tileigne seg tilsvarande kunnskap som i den offentlege skolen. Privat grunnskoleopplæring er omfatta av same reglar, når det gjeld formål og innhald, som opplæringa i den offentlege grunnskolen. Det betyr at opplæringa i heimen skal:
- vere i samsvar med formålet med opplæringa, jf. § 1-3
- vere i samsvar med Læreplan for Kunnskapsløftet, jf. § 1-4 andre ledd
- følgje fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 første ledd
- ikkje vere i strid med forbodet mot forkynning, jf. § 14-5
- oppfylle krava til korleis opplæringa om kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp, jf. § 14-7
Elevar som får privat grunnskoleopplæring i heimen har ikkje individuelle rettigheiter som t.d. individuelt tilrettelagd opplæring, personleg assistanse, fysisk tilrettelegging, særskild språkopplæring m.m. Dersom foreldre meiner at barnet ikkje har eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa som blir gitt i heimen, må foreldra skrive barnet inn i den offentlege grunnskolen, ev. ved ein godkjend privat grunnskole.
Tilsyn
Kommunen skal føre tilsyn med at private grunnskoleopplæringa i heimen oppfyller krava i § 22-5 andre ledd.
Når kommunen får melding frå foreldre om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til.
Kommunen kan krevje at barn som får privat grunnskuleopplæring i heimen, tar prøver som kan vise om opplæringa oppfyller krava i andre ledd.
Kjem kommunen fram til at opplæringa i heimen ikkje oppfyller krava, skal barnet gå på skulen jf. § 22-5 fjerde ledd.
Samarbeid mellom foreldra og kommunen
Tilsynet skal skje i samarbeid med foreldra. Foreldra har plikt til å samarbeide med kommunen på ein slik måte at det blir mogleg å gjennomføre tilsyn. Om dette ikkje er tilfelle, kan kommunen krevje at barnet skal gå i den offentlege skulen eller på ein privat grunnskule.
Tal for Rogaland
Skuleåret 2025/2026 er talet 37 elevar.
Skuleåret 2024/2025 var talet 34 elevar.
Skuleåret 2023/2024 var talet 25 elevar.
Skuleåret 2022/2023 var talet 13 elevar.
Skuleåret 2021/2022 var talet 22 elevar.
Skuleåret 2020/2021 var talet 14 elevar.