Alvorleg skolefråvær

Mange barn og unge vegrar seg mot å gå på skolen.  Årsakene kan vere mange og samansette. Foto: Solution Marketing

Mange elevar vegrar seg mot å gå på skolen.  Årsakene kan vere mange og samansette. Det kan vere at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, eller at skolen ikkje legg opplæringa godt nok til rette for eleven. I nokre tilfelle kan vegringa skuldast forhold hos eleven sjølv, i heimen eller i nærmiljøet til eleven.

Sist endra 26.01.2026

Alvorleg skolefråvær

Når barn og unge ikkje møter på skolen over tid, er det ofte krevjande for både barnet, foreldra og skolen. Alvorleg skolefråvær handlar sjeldan om manglande vilje. Det er som regel eit teikn på at barnet ikkje har det bra, eller at skolekvardagen vert opplevd for vanskeleg.

Skolefråvær er eit samansett problem

Årsakene til alvorleg skolefråvær kan vere mange og ulike. Det kan handle om skolemiljø, helse, trivsel, faglege utfordringar eller forhold i familien. Difor må skolen arbeide saman med foreldra og relevante tenester i kommunen for å finne gode og varige løysingar. Tidleg innsats og samarbeid på tvers er avgjerande for å hindre at fråværet festar seg.

Skolens ansvar

Opplæringslova stiller krav til korleis skolen skal følgje opp elevar som ikkje får eit fullt og forsvarleg opplæringstilbod. Regelverket handlar mellom anna om:

  • retten til eit trygt og godt skolemiljø
  • tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring (ITO)
  • samarbeid mellom skole, foreldre og andre tenester i kommunen

Statsforvaltaren fører tilsyn med at kommunar og skolar følger regelverket og behandlar klager etter opplæringslova.

Meir fagleg rettleiing

Utdanningsdirektoratet har samla målretta og oppdatert rettleiing om barn og unge som ikkje møter på skolen. Her finn du faglege råd, eksemplar frå praksis og utdjupande informasjon om regelverket.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.