Gratisprinsippet og skoleturar arrangert av foreldre

Er det greitt at foreldre sjølv arrangerer turar for grupper eller klassar? Kva reglar gjeld? Kva med gratisprinsippet? Kva er skolen si rolle i samband med slike turar? Alt dette er spørsmål som Statsforvaltaren får frå tid til anna.

Publisert 15.09.2021

Skolen er gratis

Det er gratis å gå på skole i Norge. Dette gjelde både grunnskolen og vidaregåande skole. Dersom skolen drar på tur, enten det er dagsturar, lengre turar i inn- eller utland, avslutningsturar eller leirskole, skal dette være gratis for elevane.

Det er mange kommunar og skolar som ikkje finn rom for å dra på turar. Enkelte stader har det derfor vakse fram kreative foreldreinitiativ for å sikre at elevane likevel kan dra på tur. Nokre plassar tar foreldra på seg oppgåve med å samle inn pengar til skolen for på den måten å få til skoletur, andre vel å arrangere ein eigen tur som ikkje er skoletur.

Dersom foreldra samlar inn pengar og skolen arrangerer turen, kan det være ei god løysing. Skolen kjenner elevane, lærerar er med, skolen sin forsikring gjeld, skolen sine reglar gjeld og skolen har ansvaret. Det er viktig å være klar over at det er frivillig for foreldre å betale inn pengar til slike turar, og dei kan heller ikkje tvingast til å delta på dugnad eller å selje til dømes kakeboksar eller dopapir.

Må leggjast utanfor skoletida

Dersom foreldra sjølv vel å arrangere turar på frivillig basis for elevane, er det ikkje å rekne som ein skoletur. Det er viktig at dei som arrangerer ein slik tur er medvitne om ansvaret dei tek på seg som turarrangør. Når ein dreg på tur med mange ungdommar som ein ikkje kjenner er det viktig å ha gjort risikovurderingar, sørgja for forsikringar, ha meg seg nok ansvarlege vaksne og ha eitt sett av reglar som er alle er kjende med. For ein slik tur gjeld ikkje gratisprinsippet og turen må leggjast utanfor skoletida. Kommunen og skolen si oppgåve er å sørgje for at elevane får den opplæringa dei har krav på. Skoleåret skal strekke seg over 38 veker, og det er fastsett kor mange timar elevane skal ha i dei ulike faga i fag- og timefordelinga for Kunnskapsløftet.

Vurderingar

Statsforvaltaren får frå tid til anna spørsmål om turar og betaling, om turen er lovleg eller om det eigentleg er ein skoletur der ein omgår gratisprinsippet. I ei slik vurdering er mellom anna følgjande moment relevante:

  • Blir turen arrangert i skoletida?
  • Kven er ansvarlege dersom det oppstår uhell på turen?
  • Gjeld skolen sine forsikringsordningar?
  • Kor kjem informasjonen om turen frå og kva inneheld informasjonen?
  • Gjeld skolen sitt reglement på turen?
  • Er det utarbeidd sanksjonar og reglar om til dømes heimsending frå turen?
  • Er turen reelt sett frivillig eller føler elevar og foreldre seg pressa til å vere med på tur?
  • Er skolen involvert i innsamlinga av betaling for turen?
  • Går turen fram av skolen sine planar eller årshjul?
  • Er det organisert opplæring for elevar som ikkje er med på tur?
  • Er det lærarar med på turen?

Dersom svaret på eitt eller fleire av desse spørsmåla er ja, er det sannsynleg at vi vil vurdere at det reelt sett er ein skoletur, og dermed skal være gratis.

Fri eller permisjon frå skolen?

Vi vil oppmode både foreldre som ønskjer å arrangere turar, og skolar som vurderer å gi elevar fri eller permisjon, eller på annan måte tilrettelegg for slike turar, å gjere dei same vurderingane som Statsforvaltaren.

Fleire tolkingar

Sjå elles tolkingar av regelverket på utdanningsdirektoratet sine heimesider

 

 

Kontaktpersoner