Barn i fosterheim

Statsforvaltaren får ofte spørsmål som gjeld barn i fosterheim. Vi har laga ei oversikt over ofte stilte spørsmål. Svara finn ein i barnehagelova, opplæringslova og barnevernslova.

Publisert 13.05.2026

Når gjeld meldeplikta til barnevernet for tilsette i skole og barnehage?

Barnehagelova § 46 og opplæringslova § 24-3 pålegg alle som arbeider i barnehage og skole, ei plikt til å vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

Alle skal gi opplysningar til barneverntenesta av eige tiltak, når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, utsett for alvorlege manglar ved dagleg omsorg eller annan omsorgssvikt, eller når barnet viser alvorlege åtferdsvanskar. Plikt til å melde i fra til barneverntenesta ligg på den enkelte, som arbeider i barnehage og skole (meldeplikt).

Vilkåra har samanheng med barnevernet si ivaretaking av oppgåver etter barnevernslova. Sjølv om desse vilkåra ikkje er oppfylt kan barnehagen eller skolen ta kontakt med barnevernet, ut frå ei meir generell bekymring. Saka kan også diskuterast anonymt med barnevernet, før ei eventuell konkret bekymringsmelding.

Meir informasjon her:

Kva for skole skal barnet gå på?

Nærskoleprinsippet gjeld også for fosterheimsplasserte barn. Fosterbarn vil som hovudregel ha rett til å gå på nærskolen, enten dette er barnet sin tidlegare skole eller ein skole nær fosterheimen, jf. opplæringslova § 2-6.

Kan fosterforeldre klage på enkeltvedtak som gjeld fosterbarnet?

Fosterforeldre si rolle er «å utøve dagleg omsorg», og dei har rett til å samarbeide med skole/barnehage. Frå 1. januar 2026 kan fosterforeldre treffe alle avgjerder på barnet sine vegne, som vert omfatta av barneverntenesta si mynde. Dette skal gjere det enklare for fosterforeldre, at fosterbarnet får ein kvardag som fungerer meir som for andre barn. Dette betyr at fosterforeldre kan:

  • samtykke på barnet sine vegner i spørsmål som gjeld skole, helse med meir
  • be om innsyn i vedtak
  • klage på vedtak om t.d. individuelle rettigheiter i skolen, klage på manglande trygt og godt skolemiljø med meir.

Barneverntenesta kan samstundes overstyre fosterforeldra sine avgjerder, dersom dei ikkje er til fosterbarnet sitt beste. 

Vesentlege spørsmål, som val av skole og utdanning høyrer ikkje inn under den daglege omsorga. Elles gjeld barnet sin sjølvråderett i slike spørsmål frå fylte 15 år, jf. oppll. § 24-5 og barnelova § 32[1]

Kva for kommune har økonomisk og fagleg ansvar for barn/elevar i fosterheim?

Den kommunen som etter barnevernslova § 15-11 har økonomisk ansvar for fosterbarnet, ber det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa og eventuelle utgifter til individuell tilrettelegging (jf. §§ 11-4, 11-5 og 11-6), jf. forskrift til opplæringslova § 18-1 bokstav b. Tilsvarande reglar går fram for barnehagen: 

Omsorgskommunen får gjennom si vedtaksmynde, også eit visst ansvar for det faglege innhaldet i individuelt tilrettelagt opplæring (ITO, jf. § 11-6)/den spesialpedagogiske hjelpa. Sakkunnig vurdering før enkeltvedtak, skal gjerast av PPT i vertskommunen (kommunen der barnet bur).

Når det gjeld det ordinære barnehagetilbodet, oppfylling av retten til plass jf.  barnehagelova § 16, og eventuelt vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne (jf. barnehagelova § 37), er det kommunen der barnet er busett som har det økonomiske ansvaret. Vedtak om tilrettelegging skal fattast av kommunen der barnet er folkeregistrert, barnet vil bli folkeregistrert i vertskommune.

Kva for kommune som har økonomisk ansvar for styrking av SFO, når barn har særskilte behov er ikkje regulert i opplæringslova med forskrifter. Statsforvaltaren har i desse sakene vurdert ansvaret ut frå reglane i barnevernlova, og konkludert med at dekning av ekstra utgifter i SFO må sjåast i forlenginga av dei tiltaka, som barneverntenesta har sett som naudsynte ved utøving av omsorgsansvaret etter barnevernlova. Det vil seie at det er opp til omsorgskommunen å bestemme om barnet skal gå i SFO, og dermed dekke dei utgifter som oppstår i samband med SFO. Barnet kan elles ha rett til tiltak i medhald av helse- og omsorgstenestelova, for eksempel brukarstyrt personleg assistent (BPA).

Ved flytting: Skal skolen/omsorgskommune informere tilflyttingskommune/vertskommune om barnet? Korleis ivareta teieplikta?

Samtykke til deling av personlege opplysningar må innhentast frå barnevernet. Frå fylte 15 år må også sjølvråderetten for eleven vere sikra jf. opplæringslova § 24-5.

Barneverntenesta kan gi nødvendig informasjon til barnehage og skole, jf. unntak frå teieplikt i barnevernslova § 13-1 og Fosterhjemsavtalen (KS og Norsk Fosterhjemsforening). Skolen og barnehagen har plikt til å samarbeide for å sikre eit heilskapleg og samordna tenestetilbod jf. opplæringslova § 24-1.

Kva for rettar har biologiske foreldre?

Det gjeld eit «minste inngreps prinsipp» i barnevernslova. Biologiske foreldre kan ha rett til informasjon om barnet, også etter omsorgsovertaking. I dei fleste tilfelle kan dei mellom anna delta på foreldremøte, etter ein avtale med barneverntenesta. For eventuell henting i barnehage/ skole for samværsrett, må dette vere avtalt med barneverntenesta.

Opplæringslova § 24-4 andre ledd beskriv kva rettar foreldre framleis har: rett til å velje privat skole etter § 2-2, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta etter § 2-2, velje skriftspråk etter § 3-1, krevje fritak frå delar av opplæringa på grunn av livssyn etter § 14-6, og krevje opplæring i og på samisk og i kvensk eller finsk etter §§ 3-2 og 3-3.

 

[1] Stortinget har bedd regjeringa fremme lovforslag slik at barn får partsrettar frå 12 år, med virkning frå 1. januar 2028.  Dette er ikke vedtatt som lov ennå.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.