Skulemiljøsaker hos Statsforvaltaren i 2025
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø, og for å ivareta denne retten har skulane ei aktivitetsplikt. Elevar og føresette kan melde ifrå til Statsforvaltaren dersom dei opplever at skulen ikkje gjer nok for at eleven skal få det trygt og godt. I 2025 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 196 meldingar om dette.
Aktivitetsplikta inneber at dei tilsette på skulen skal følge med på korleis elevane har det på skulen, dei tilsette skal gripe inn mot krenking, og dei tilsette skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal snarast undersøke saka, og sette inn tiltak. Tiltaka skal stå i ein skriftleg aktivitetsplan.
Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Statsforvaltaren.
I 2025 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 196 meldingar om at elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. 44% av meldingane gjaldt jenter, og 56% av meldingane gjaldt gutar.
Meldingane fordelte seg slik mellom dei ulike trinna:
- barnetrinnet – 19 %
- mellomtrinnet – 48 %
- ungdomstrinnet – 30 %
- vidaregåande – 3 %
Korleis behandlar Statsforvaltaren meldingane?
Når vi får ei melding om at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, tar vi kontakt med den som har meldt saka til oss. I løpet av samtalen kjem det fram om meldaren ønskjer rettleiing om kva reglar som gjeld for skulemiljøet, om meldaren ønskjer å drøfte ei sak med oss, eller om det er ei skulemiljøsak som Statsforvaltaren skal behandle etter reglane i opplæringslova § 12-6.
Reglane i § 12-6 inneber at Statsforvaltaren skal vurdere om skulen har retta opp situasjonen med eigna tiltak og om skulen har laga ein skriftleg plan for tiltaka.
I skulemiljøsakene vi behandla i 2025, såg vi i mange av sakene at skulane ikkje hadde sett inn tilstrekkelege eigna tiltak for å gi eleven eit trygt og godt skulemiljø. Som hovudregel påla vi då skulane å sette inn fleire tiltak, eller andre tiltak. Skulane måtte sjølv finne fram til kva tiltak som kunne gi eleven eit trygt og godt skulemiljø.
I nokre av sakene konkluderte vi med at skulen hadde gjort det som var rimeleg å forvente, sjølv om tiltaka enno ikkje hadde ført til at eleven hadde det trygt og godt. Sjølv om vår konklusjon var at skulen hadde gjort det ein kunne forvente, måtte skulen halde fram med å sette inn tiltak, følgje opp tiltaka, evaluere dei og justere eller sette inn nye tiltak, heilt til eleven opplevde å ha det trygt og godt på skulen.
I enkelte av meldingane var ikkje vilkåra for at Statsforvaltaren skulle behandle skulemiljøsaka oppfylte. I desse sakene fatta vi vedtak om at vi ikkje kunne behandle saka. Vilkåra for at Statsforvaltaren skal behandle ei skulemiljøsak er at det må vere eleven eller foreldra som melder saka til Statsforvaltaren, saka må vere tatt opp med rektor for meir enn èi veke sidan, og saka må gjelde det psykososiale skulemiljøet eleven går på.
Kontaktpersonar
-
Hjalmar Arnø
Tlf: 51 56 87 41