Viktige dokument ved oppstart og avslutning

Vi ber verjer vere raske med å sende oss dokumenter når vi opprettar, endrar eller avsluttar eit verjemål.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Sist endret 28.03.2022

Økonomisk status gir oversikt

Ved starten av eit oppdrag skal du sende Statsforvaltaren eit skjema. Her gjer du greie for verjehavar sin økonomiske status. Slik får vi, og du, ein oversikt over personen sin økonomi i det du går inn som verje.

Ta gjerne utgangspunkt i verjehavar sin siste tilgjengelege skattemelding. Ho gir oversikt over fast eigedom, kva for bankar verjehavar har innskot i, om verjehavar har verdipapir/fond/aksjar o.l. og registrert gjeld. Ta kontakt med dei aktuelle instansane for å få oppdaterte tal.

Når vi får tilsendt den økonomiske statusen veit vi at du har starta å jobbe med saka.

NB: Du har ansvar for verjehavar sin økonomi frå den dagen du er oppnemnt som verje. 

Send foreløpig status over gjeld

Det kan ta tid å få oversikt over verjehavar sin økonomi, og spesielt gjelda. Om du ikkje har fått full oversikt, ønsker vi likevel at du sender inn ei foreløpig økonomisk status innan fristen. Forklar at ei meir komplett oversikt vert sendt inn når du har denne klar.

Knapp tid til frist for innsending?

Dersom du ser at tidsfristen for å sende inn «økonomisk status» og «vergeerklæring» er altfor knapp, ber vi deg gi oss ei tilbakemelding. Bruk melding i Altinn eller ta kontakt med saksbehandlar. Send inn det du kan innan fristen, og så setter vi ein ny frist for resten av innsendinga.