Nyheitsbrev plan - mars 2022

Foto: Sveinung Parr Dimmen.

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for mars.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.03.2022

Nye oppvekstprofilar

Oppvekstprofilane for 2022 blei publiserte 10. mars. Årets tema er sosial ulikskap.

Her finn du profilen for din kommune. Oppvekstprofilane er utarbeidde i eit samarbeid mellom fem ulike direktorat og Folkehelseinstituttet, på oppdrag frå 0-24-samarbeidet.

Utlysing av midlar til by- og tettstadutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune har frå 2022 etablert eit program for berekraftig by- og tettstadutvikling. Programmet skal, i samarbeid med kommunane, gjere byane og tettstadene i fylket meir attraktive og berekraftige. Programmet har tre delprosjekt: Eitt for utvikling av dei tre største byane, eitt for tettstadene og eitt for utprøving av nye mobilitetsløysingar. Det er nyleg lyst ut til saman 12 millionar kroner til by- og tettstadutvikling gjennom programmet, med første søknadsfrist 2. mai 2022. Du kan lese meir om programmet på nettsidene til fylkeskommunen

Møte i plannettverka 5. og 6. april

Vi inviterer til plannettverkssamlingar 5. april (nettverk for Sunnmøre) og 6. april (nettverka for Romsdal og Nordmøre). Program og påmelding finn du på fylkeskommunen sine nettsider (programmet for Romsdal/Nordmøre vert lagt ut i slutten av veke 11, men er omtrent identisk med programmet på Sunnmøre).

Miljøomsyn i kommunens klimaarbeid

Miljødirektoratet arrangerer eit webinar 22.03 om korleis kommunar kan jobbe for å ta klimaomsyn i arealplanar og planprosessar. Du kan melde deg på via Miljødirektoratet sine nettsider. Du kan sjå webinara i etterkant dersom du ikkje får sjå dei same dag.

Statsforvaltaren sitt forventningsbrev til kommunane 2022

Målet med forventningsbrevet er å informere om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter. Vi ønsker med dette å bidra til at Statsforvaltaren og kommunane er best mogleg samordna omkring nasjonale føringar og oppdrag.

Skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn for 2023

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2023. Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2023 står lista opp under fylkesløft/prosjektskjønn. Les meir på Statsforvaltaren sine heimesider.

Rettleiar for arealstrategi

Rogaland fylkeskommune har laga ein rettleiar for korleis ein kommune kan gå fram for å fastsetje ein arealstrategi og eit jordvernmål i kommuneplanen. «Arealplanlegging på jærsk» kan du lese om her.

Kurs om klimabudsjett

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gleda av å invitere alle kommunane i Møre og Romsdal til Gratis kurs om Klimabudsjett i mai.

Kurset bygger på metoden i KS sin rettleiar for klimabudsjett. Det vil passe både for kommunane som allereie er godt i gang og for dei som enno er i startgropa. Det blir fagleg påfyll og gruppearbeid. Vi vil sørge for erfaringsdeling mellom alle kommunane i heile fylket! Dato kjem snart, så følg med!

Kurs for kommunane i haust

I samarbeid med KS vil vi arrangere kurs i haust for kommunane om konsekvensutgreiingar, reguleringsplanlegging og utbyggingsavtalar. Vi kjem tilbake med nærmare informasjon.

Fylkesstrategi for miljø, klima og energi

Fylkesutvalet vedtok 28. februar 2022 å starte opp arbeidet med ny fylkesstrategi for miljø, klima og energi. Det er sendt ut informasjonsbrev til alle kommunane.

Kommunane kan komme med innspel til kunnskapsgrunnlag og korleis dei ønsker å medverke. Medverknadsprosessane skal føregå i april-mai 2022, nærmare informasjon vil komme. Offentleg høyring er planlagt til årsskiftet 2022/2023. Oppstartsmeldinga finn du på fylkeskommunen sin politiske møtekalender.

Distriktssenteret – eksempel på god samfunnsplanlegging

Å lage gode kommuneplanar med solid forankring hos innbyggarar og politikarar kan vere krevjande. Distriktssenteret har sett nærare på sju kommunar som har fått det til.

Distriktssenteret – nærbutikken som velferdssentral i små lokalsamfunn

Nærbutikkane spelar ei viktig rolle når det gjeld å halde oppe tenestetilbodet i små lokalsamfunn. Butikken på bygda fungerer i praksis som ein velferdssentral for innbyggarane. Kommunen kan sikre levekår og folkehelse ved å samarbeide med butikkane. Les meir på Distriktssenteret sine sider.

Ny podkastserie med søkelys på aktuelle tema og saksområde

«For folk og natur» er tittelen på podkasten som Statsforvaltaren i Møre og Romsdal starta opp måndag 17. januar. Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur. Nye podkastepisodar blir lagt ut 1 – 2 gonger i månaden.

Undervegsrapport frå Leve heile livet

Leve heile livet skal støtte kommunane i arbeidet med å oppretthalde berekraftige lokalsamfunn og gode helse- og omsorgstenester. No har OsloMet, i samarbeid med Vista Analyse, på oppdrag frå Helsedirektoratet undersøkt korleis kommunane arbeider med kvalitetsreforma.

Serveringsbransjen veks aller mest i fylket

Ein ny handelsanalyse viser at omsetninga innanfor servering veks meir i Møre og Romsdal enn elles i landet. Dette kjem fram i ein regional handelsanalyse som Asplan Viak AS har utarbeidd på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Handelsanalysen er supplert med statistikk for bransjane overnatting, servering og personleg tenesteyting. Analysen viser utviklinga for handel og service i perioden 2011- 2019.

Nyttig informasjon frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD)

  • KDD – eksempelsamling Attraktiv by. Statens pris for bærekraftig by- og tettstedsutvikling - Forbilder 2015 – 2021. Eksempelsamlinga viser eit mangfald av forbilde i berekraftig stadutvikling.
  • Ny utgåve av Plannytt: I Plannytt 1/2022 kan du lese om planlegging etter plan- og bygningslova, kart og geodata, tinglysing, matrikkel, by- og Lenke til Plannytt 1/2022
  • Oversikt over fristar i plandelen av PBL: Departementet har utarbeidd ei oversikt over aktuelle fristar knytt til plandelen av plan- og bygningslova. Dette omfattar ein kort omtale av heimel, kva fristen gjeld og lengda på fristen.
  • Ny rapport om sosial berekraft i kommunalt planarbeid: Oslo Economics og By- og regionforskningsinstituttet NIBR, OsloMet, har utarbeidd rapporten "Utredning om sosial bærekraft og planbestemmelser" på oppdrag fra KDD.
  • KDD og DiBK med ny rettleiar til plan- og byggesaker: Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har saman med Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), laga ein enkel vegvisar som forklarer korleis arealplan må brukast i samband med enkle tiltak på eigedomen din.
  • Ny rapport om erfaring med bruk av samfunnsdelen i kommuneplanen. Oxford Research har på oppdrag frå KDD utarbeidd ein rapport om mellomstore kommunar sine erfaringar med bruk av kommuneplanens samfunnsdel som verktøy for samfunnsutvikling og Departementet vil bruke funna frå rapporten inn i sitt vidare arbeid med lovutvikling og rettleiing.

Ny rapport frå FNs klimapanel

Klimaendringene skjer raskare, og konsekvensane også av mindre temperaturauke er alvorlegere enn tidlegare vurdert. Det viser ein ny rapport frå FNs klimapanel. Det vil vere billigare, og samtidig meir effektivt, å tilpasse oss klimaet no enn å vente med det.

Verktøy for å bidra til klimatiltak i landbruket

Regjeringa har sett i gang arbeidet med etablering av Bionova og ønsker i samband med dette innspel til arbeidet frå alle aktuelle aktørar.

Kommuneplanen sin samfunnsdel Volda kommune 2021-2033

Volda kommune er i gang med å rullere kommuneplanen sin samfunnsdel. Planarbeidet bygger på FN sine 17 berekraftsmål, og tek utgangspunkt i fire hovudtema: Vekstkraft og attraktive lokalsamfunn, Livskvalitet og meistring, Grøn omstilling og Organisasjonsutvikling. Kommunen har mellom anna fått laga fem animasjonsfilmar. Du kan sjå dei på kommunen sine nettsider.

Nyttig informasjon frå Statsforvaltaren

  • Statsforvaltaren – Fem skogsområde blir verna ved frivillig vern: Fem område i Møre og Romsdal vert naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at naturverdiar i artsrik edellauvskog og kalkfuruskog blir tatt vare på for kommande generasjonar.
  • Urban Gartneren AS vart tildelt Klimasnuprisen for 2021: «Ei løysing for framtida», seier juryen om Urban Gartneren sin måte å dyrke på. Blant tre gode nominerte til Klimasnuprisen var det alternativ dyrking av salat og mikrogrønt som vann.
  • Oppfølging av forsøpling og forureina grunn i kommunane: Ei av oppgåvene til Statsforvaltaren er å følgje opp kommunane si handtering og registrering av forureina grunn og forsøpling. Seks av dei sju kommunane Statsforvaltaren førte tilsyn med i 2021 utførte ikkje pliktene sine for oppfølging av forsøpling og forureina grunn.
  • Korleis hindre at landbruksplast kjem på avvegar? Plast er eit viktig materiale for landbruket, men også ei kjelde til forureining. Korleis kan vi handtere landbruksplasten slik at han ikkje kjem på avvegar?
  • Snødeponi for å hindre forureining: Forureina snø skal ikkje dumpast i elver, vatn eller sjø, men samlast i snødeponi der ein kan hindre at forureining blir spreidd i naturen.