Fem skogområde blir verna ved frivillig vern

Frå Brøskjahagan som er eit av dei nye verna skogområda med rik edellauvskog.
Frå Brøskjahagan som er eit av dei nye verna skogområda med rik edellauvskog. Foto: Øivind Leren.

Fem område i Møre og Romsdal vert naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at naturverdiar i artsrik edellauvskog og kalkfuruskog blir tatt vare på for kommande generasjonar.

Publisert 17.12.2021

Dei nye naturreservata, som vart oppretta av regjeringa 17. desember 2021, ligg i Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Molde og Vanylven kommunar. Områda med rik edellauvskog er Brøskjahagan, Almbekken, Ramnfloget og Skåraura. Flåstranda og Hisdalen naturreservat er utvida og inneheld også spesiell kalkfuruskog.

Skal ta vare på biologisk mangfald

Noreg har forplikta seg til å ta vare på det biologiske mangfaldet gjennom internasjonale avtaler og nasjonale målsettingar. Eitt av tiltaka er vern av viktige skogområde for å bevare eit representativt utval av ulike skogtypar for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar i Noreg lever i skogen, og gjennom vern sikrar vi leveområde for artane.

Vern av skog har dei siste 20 åra vore eit prioritert område for verneplanarbeidet i Noreg.

Dette er ei velfungerande ordning der både grunneigarar og forvaltninga er godt nøgd med resultata.

Forringer ikkje andre samfunnsinteresser

Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet og komme fram til at det ikkje vil forringe andre samfunnsinteresser, som til dømes skognæring.

Vedtaket frå regjeringa vil gjere at om lag 5,2 km2 skog blir verna. Av dette er 1,8 km2 produktiv skog.

At skogen blir verna fører med seg restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan bidra til endringar i naturmiljøet er forbode. Å oppføre nye bygg, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel med meir ikkje vil vere lovleg. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.

Vanlege friluftslivsaktivitetar vil kunne halde fram som før. Vernet er ikkje til hinder for vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.