Mange lovbrot i kommunane

Eksempel på forsøpling.
Eksempel på forsøpling. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Seks av dei sju kommunane Statsforvaltaren førte tilsyn med i 2021 utførte ikkje pliktene sine for oppfølging av forsøpling og forureina grunn.

Publisert 07.01.2022

Ei av oppgåvene til Statsforvaltaren er å følgje opp kommunanes handtering og registrering av forureina grunn og forsøpling.

– I 2021 har vi valt å gjere gjennomførte ei rekkje tilsyn med kommunar der tema var både forsøpling og forureina grunn, seier Christian Dahl, fagleiar for forureining hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Tilsyna blei gjennomført ved digitale møte i tillegg til gjennomgang av tilsendte dokument. Det var Surnadal, Hustadvika, Stranda, Ulstein, Tingvoll, Molde og Giske som fekk tilsyn i 2021. Ulstein var einaste kommune som ikkje fekk konstatert avvik.

– Avvik er det same som brot på krav som er fastsett i lov eller forskrift. Det som går igjen hos mange av kommunane, er manglande bruk av databasen Grunnforurensning og for dårleg system for å behandle saker som handlar om forureina grunn.

Dei enkelte tilsynsrapportane ligg i lista til høgre på denne sida. 

Grunnforurensning

Myndigheitene har ein database kalla Grunnforurensning. Her registrerer kommunar, Statsforvaltarar og Miljødirektoratet stader der ein kjenner til at det er, eller kan vere, forureining i grunnen. Databasen gir eit viktig grunnlag når kommunane skal behandle saker som gjeld bygging og graving. Alle kan sjå kva som er registrert i databasen.

Manglande kartlegging, mål og handlingsplanar

– Tilsynsrapportane omfattar også merknader som gjeld tilhøve vi meiner er nødvendig å påpeike for å ta i vare det ytre miljøet, men som ikkje er direkte brot på lovverket, fortel Dahl.

Blant merknadene som går igjen, er manglande kartlegging av ulovleg avfallshandtering og manglande mål og handlingsplanar for saker som gjeld ulovleg avfallshandtering.

– I tillegg hadde nokre kommunar mangelfull delegering av myndigheit frå kommunestyret til dei som skal fatte vedtak i aktuelle saker, eller mangelfull dokumentasjon i saksoppfølging.

Må rette opp i lovbrot

Kommunar som har lovbrot, må sørge for å rette opp i dette. Statsforvaltaren har gitt dei ulike kommunane frist for å melde tilbake at dette er gjort.

– Av dei seks kommunane som hadde lovbrot, skal Tingvoll, Molde og Giske gje tilbakemelding på retting i første del av 2022. Surnadal har kome med si tilbakemelding, medan Hustadvika og Stranda ikkje har meldt tilbake innan avtalte fristar, seier Dahl.

Han meiner det er alvorleg når seks av sju kommunar ikkje heldt krava i lovverket.

– Vi er uroa over å ha avdekt at så mange av kommunane generelt arbeider lite og svært tilfeldig med saker som gjeld forsøpling og forureina grunn. Vi ser også manglande prioritering av å rette avvika vi fann under tilsyna. Saker som dreier seg om avfall og forureina grunn, kan føre til spreiing av miljøgifter og mikroplast. Til slutt kan avfall ende i sjø og vassdrag. Skal vårt felles miljø få ein betre tilstand, er det viktig at kommunane gjer ein god innsats og oppfyller pliktene sine.

Forsvarleg handtering

– Er ein merksam på at det kan vere forureiningar i grunnen, kan ein sørge for at desse massane ikkje blir spreidde til andre område som ikkje er forureina, men blir tatt hand om på ein forsvarleg måte, seier Dahl.

Statsforvaltaren hadde i 2017 ein brevkontroll med alle kommunane i Møre og Romsdal der tema var handtering av forsøplingssaker.

– Her kom det fram at mange kommunar ikkje hadde eit godt system for slike saker. Dei mangla oversikt over tilhøva i eigen kommune, fortel Dahl.

Vurderer vidareføre tilsyn

Dahl fortel at Statsforvaltaren vurderer å vidareføre tilsynsaksjonen i 2022.

– Vi håper at tilsyn kan bidra til at fleire av kommunane i fylket oppfyller pliktane sine og arbeider godt med saker som gjeld forureina grunn og forsøpling.