KUNNGJERINGAR

Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 


Publisert 03.09.2025

SalMar Genetics AS får løyve etter forureiningslova til utfylling i Vestnes

Det skal fyllast ut på to separate plassar ved verksemda sitt anlegg i Reistaddalen for å bygge ut industriverksemda.


Publisert 03.09.2025

Bio3 AS har 28.08.2025 fått løyve etter forureiningslova for anlegget sitt på Hestvikholman industriområde i Averøy kommune

Løyvet gjeld produksjon av 31 500 tonn proteinpulver per år.


Publisert 03.09.2025

Kystverket får løyve til tiltak i sjø i Herøy og Ulstein kommunar

Tiltaka omfattar mudring, sprenging og dumping av massar i tilknyting til eit prosjekt prioritert i Nasjonal transportplan (NTP) for betring av farleia i området.


Publisert 28.08.2025

Mowi avd. Sighaug - endra løyve til utfylling i sjø

Verksemda har etter søknad fått forlenga løyve gjeve i 2022 til utfylling i sjø ved anlegget i Vanylven.


Publisert 22.08.2025

Løyve til mudring ved Vegsund og Vegsundstranda

Ålesund kommune får løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø for etablering av ilandføringsstasjonar i tilnytning til nytt reinseanlegg på Kongshaugstranda.


Publisert 21.08.2025

Løyve til tiltak i sjø ved Tjeldbergodden - Salfjord AS

Salfjord AS får løyve etter forureiningslova til utfylling og mudring i sjø ved Tjeldbergodden i Aure kommune i tilknyting til etablering av nytt landbasert oppdrettsanlegg.


Publisert 20.08.2025

Løyve til biogassanlegg på Varhol industripark i Hustadvika kommune - Havila Biogassanlegg Hustadvika AS

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev Havila Biogass Hustadvika AS løyve etter forureiningslova til mottak av biologisk avfall ved biogassanlegg på Varhol industriområde.


Publisert 27.06.2025

Miljødirektoratet har ferdigbehandla klagesaka om løyve til utslepp frå Kongshaugen reinseanlegg, Sula kommune

Miljødirektoratet opprettheld Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sitt vedtak med ein endring. Miljødirektoratet stiller krav om at kartlegginga av naturmangfald i området ved naudoverløpet, skal inkludere ei vurdering av korleis det påverkar naturmangfaldet.


Publisert 26.06.2025

Vedtak om utsleppsløyve til MOWI ASA på lokalitet Videild i Vanylven kommune

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har etter søknad vedteke å gi MOWI ASA avdeling Rovde utsleppsløyve til å utvide settefiskanlegget på lokaliteten Videild.


Publisert 19.06.2025

Mekvik Maskin AS får løyve til mottak og mellomlagring av brukt asfalt i Kristiansund kommune

Løyvet omfattar eit årleg mottak og mellomlagring av 5000 tonn brukt asfalt ved eigedomen gnr. 138 bnr. 55.