Vedtak om endra løyve i tråd med BAT-konklusjon i FDM BREF - Vikenco AS i Aukra
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endrar Vikenco AS sitt løyve til verksemd etter forurensningsloven.
Publisert 05.05.2026
Det gjevast eit mellombels unntak frå bindande utsleppsgrense (BAT-AEL) for utslepp til vatn for Vikenco AS. Unntaket gjeld for ein tidsbegrensa periode fram til 01.05.2030. Løvyet er basert på produksjon av 35 000 tonn sløyd hel fisk (HOG) og 40 000 tonn filet av laks og aure i unntaksperioden.
Vedtak og løyve kan lesast via lenkja til høgre på sida.
Merknadar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller e-post sfmrpost@statsforvalteren.no innan 3 uker etter kunngjering.