Portforbud for fjørfe oppheva

Vårtrekket av ville fugl er no i stor grad fullført og det er ikkje rapportert om auka dødelegheit. Mattilsynet har difor oppheva portforbodet for fjørfe frå 1. juni.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.06.2021

Frå november vart det påvist høgpatogen fugleinfluensa i Norge, Sverige, Danmark og fleire land i Europa. Tendensen i Europa er at antal påvisingar av fugleinfluensa hos ville fuglar gradvis har avtatt sidan midten av mars. Veterinærinstituttet har gjort ei ny risikovurdering for smitte av fugleinfluensa frå ville til tamme fuglar. På denne bakgrunnen har Mattilsynet vedtatt å oppheve portforbodet for fjørfe og andre fuglar i fangenskap frå 1. juni.

Mattilsynet vil fortsatt ha skjerpa overvaking og prøvetaking av døde viltlevande ender, gjess, svaner, vadefuglar, måker og rovfugl. Mattilsynet oppfordrar folk som ferdast langs sjø, vatn og våtmarksområde om fortsatt å informere Mattilsynet ved funn av sjuke eller døde fuglar av desse artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svaner)
  • måkefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråke og ramn)

Av omsyn til generell smittefare bør du unngå å kome i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.

For meir informasjon, sjå Mattilsynet sine nettsider.