Smakar frå vestlandet reiser til Berlin

I januar 2023 er det på ny klart for «Grüne Woche» i Berlin. Den vestnorske delegasjonen er i full gong med førebuingane, og alt ligg til rette for å by på mange gode smakar frå landet og regionen vår!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.11.2022

Messa Internationale Grüne Woche starta i 1926 som ei enkel varemesse for landbruksprodukt. Opp gjennom åra har tema på messa skifta i takt med utviklinga innanfor landbruket. Og ho har etter kvart blitt ein viktig arena for å profilere norsk landbruk, mat og reiseliv. Landbruks- og matdepartementet står, saman med Innovasjon Norge bak den norske deltakinga. Målet er å styrke lokalmataktørane reint fagleg, på same tid som ein får presentert norsk mat og reiseliv i den tyske -og internasjonale marknaden.

Stor messe

Denne gongen reknar arrangørane med nesten 1 900 utstillarar frå 72 land og ca. 400 000 besøkande på messa som varar i nesten 2 veker.

For å vere litt ubeskjeden; Noreg brukar å ha ein av dei finaste standpresentasjonane på Grüne Woche. I 2023 er det Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag som er valt til å vise fram dei beste råvarene og til å fortelje om Noreg som reiseland. Noreg er allereie eit populært reisemål for tyskarane, og no vil vi forsterke denne interessa gjennom dei lekraste mat- og drikkekombinasjonane. 

Fem representerer Møre og Romsdal

Også i år har det vore eit mangfald av fantastiske produsentar å velje mellom. Fem produsentar og restaurantar frå Møre og Romsdal er valt ut til å presentere varer og kokkekunstar i Berlin:

  • Frøysagarden er ei familiebedrift i Sykkylven som foredlar fisk og kjøt på «gamlemåten».
  • Tingvolll Sider er fruktprodusent på Tingvoll, med eget presseri og produksjon av blandt anna eplemost og sider.
  • Sider AS dyrkar og foredlar eple av ulike sortar under varenamnert Fjordsider. Dei har presseri og produksjon på Hjelset i Molde, men tilbyr også smaksopplevingar og gardsutsalg på eplegarden i Aure.
  • Skarbø Gard i Stranda produserer sider og ost. Dei vant nyleg bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal.
  • Eggen restaurant på Åndalsnes stiller med eit utval kokkar som har den viktige oppgåva å sette saman smakane på best mogleg vis.

Her er heile lisa over deltakarar frå Vestlandet:

Vestland                    Edel Sider/Åkre Gård
                                    Fjellstad Gardskjøken
                                    Fretheim Hotell
                                    Gardsbrennerinet
                                    Hardangerbonden
                                    Myrdal Gard (Gull World Cheese Awards 2022)
                                    Slettevollen Gardsysteri
                                    Kandal Kjøtt
                                    Varegga Mat frå Bergen
                                    Buer Gård og Restaurant

Rogaland                   Apal Sideri
                                    Lysefjorden Sjokolade
                                    OmCider
                                    Ryfylke Gardsysteri
                                    Ystepikene (Bygdeutviklingsprisen i Rogaland)

imageorbut.png

 

For meir informasjon om IGW 20. - 29. januar 2023 ta kontakt med
Marie Teigland, Statsforvaltaren Møre og Romsdal.

 

Kontaktpersoner