IGW 2023 - mange kokkar…

Menytesting for IGW 2023 i Bergen
Menytesting for IGW 2023 i Bergen Foto: Ingerid Wembstad / Matarena AS.

…og mykje søl? På ingen måte, tvert imot. Åtte kokkar idemyldra og snekra ein nyskapande meny av vestnorske råvarer for besøkjande på messa IGW 2023 i Berlin.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2022

I januar 2023 vert det arrangert den store, tradisjonsrike messa Internationale Grüne Woche i Berlin. Region Fjord med 20 unike verksemder frå Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland skulle allereie i 2022 representert Norge på denne messa, men også dette arrangement måtte korona-stoppast.  

Men no ser det lyst ut. Ein regntung oktoberdag i Bergen vart det kokkefaglege teamet samla for å utvikle idear for smaksopplevingar på standen vår. Dei hadde ei lang produktliste å velje imellom. Etter nokre timar på kjøkkenet hjå Spesialgrossisten Troye vart det sett fram tydelege signaturrettar som heilt sikkert vil falle i smak i Berlin. 

I tillegg til dei gode matsmakane vil ulike sidere frå vår region og dei positive folka på standen forsterke inntrykket av at region Fjord er “ein plass i verda du må ha besøkt før du døyr”. Nytt i 2023 er at vi riggar på standen eit eiget område for korte mat- og siderkurs.   

Dei matfaglege ansvarlege i Berlin er Øyvind Vestrheim frå Spesialgrossisten Troye (3.f.h.) og Sebastian Schläwicke, Smaken av Ryfylke (1.f.v.).

Ingerid Wembstad, Matarena AS

For meir informasjon om IGW 20. - 29.januar 2023 tar kontakt med prosjektleiarane Dirk Kohlmann, Statsforvaltaren i Vestland eller Ingerid Wembstad, Matarena AS. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.