Klima

Gjennom Klima- og miljøprogrammet kan Statsforvaltaren løyve prosjekttilskot til kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak innan klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø, kulturlandskap og naturmangfald.

Måla for klima- og miljøprogrammet er å bidra til:

  • At mat skal produserast med god ressursbruk og minst mogeleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
  • Å auke landbruket sitt miljøbidrag, som kulturlandskap, biologisk mangfald, karbonbinding og produksjon av biogass.
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimatilhøve, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ivareta produksjonsressursane

Programmet støttar praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak som kan bidra til at vi når desse måla

Desse kan søkje om tilskot:

  • Landbruksføretak eller andre bedrifter
  • Fag- eller næringsorganisasjonar
  • Kompetansebedrifter, utgreiings- og forskningsmiljø
  • Forvaltningsorgan som arbeider for betre miljøpraksis

 

I høve klimakutt i landbruket minner vi om desse to tilskuddsordningane gjennom Enova og Innovasjon Norge

Enova har frist 01.10. for følgjande tema:

  • Spillvarmeutnytting
  • Elektrifisering av fossilt drevne mekaniske arbeidsprosessar
  • Batteripakke og ny landstraum, der batteri bidrar til å redusere belastninga på nett og på land. Temaet gjeld tiltak på forflåte
  • Utgreeing av klima- og energitiltak

Du kan lese meir på Enova si nettside

Innovasjon Norge gjev tilskot for å auke bruk av fornybar energi i landbruket gjennom støtte til:

  • utgreiingar og kompetansetiltak
  • investeringar

Meir informasjon på Innovasjon Norge si nettside 


Publisert 10.08.2021

Varsellampene blinkar i ny delrapport frå FNs klimapanel

Alvorlege klimaendringar er i full gang. Utsleppa av klimagassar har auka sidan siste hovudrapport frå klimapanelet som kom i 2014. Det er framleis mogleg å nå måla i Parisavtala, viss vi vil og gjer det som skal til.


Publisert 13.04.2021

Søk om midlar frå Klima- og Miljøprogrammet

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitiske mål innan klima og miljøfeltet.


Publisert 20.03.2020

Søk om midlar frå Klima- og miljøprogrammet

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitiske mål innan klima og miljøfeltet.


Publisert 10.05.2019

Aksjon for innsamling av mekanisk avfall

I Møre og Romsdal blir det no satsa på å samle inn og gjenvinne gammalt, utrangert mekanisk avfall. Gamle landbruksmaskiner, reiskap, oljefat, tankar og anna mekanisk utstyr blir mange plasser sett bort i kanten av eit jorde eller i skogen, når det blir utrangert. No kan det bli ei endring på det.


Publisert 21.03.2018

Søk om midla frå Klima- og miljøprogrammet

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å oppnå måla for klima og miljø i landbrukspolitikken, gjennom å gj tilskot til kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak.