I dag fekk Norddal og Herdalen Kulturlandskapsprisen 2021

Statsforvaltar Else-May Norderhus og fylkesordførar Tove Lise Torve overrekte prisen til representanter frå bygda: Karl Inge Lilleås, Stein Ivar Krohn, Ingrid Marie Relling og Lars Storås.
Statsforvaltar Else-May Norderhus og fylkesordførar Tove Lise Torve overrekte prisen til representanter frå bygda: Karl Inge Lilleås, Stein Ivar Krohn, Ingrid Marie Relling og Lars Storås. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lars Levende Jacobsen .

Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen fekk i dag Kulturlandskapsprisen 2021. Bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte.

Publisert 08.10.2021

– Norddal og Herdalen har eit fantastisk heilskapleg kulturlandskap. Det er svært godt bevart gjennom allsidig bruk. Eit variert dyrehald, godt bevarte bygningar, dyrka jord i bratt terreng, beite, setrer og tradisjonell skjøtsel har gjeve eit eineståande kulturlandskap, sa statsforvaltar Else-May Norderhus. Saman med fylkesordførar Tove Lise Torve delte ho ut prisen. Det skjedde på Petrines Gjestgiveri i Norddal.

Påskjønning for innsats

Kulturlandskapsprisen vert delt ut kvart år av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Prisen er ei påskjønning til dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet.

Kulturlandsskapsprisen blir gitt til heile bygda Norddal og Herdalen. Her er det mange eldsjeler og mykje aktivitet knytt til skjøtsel og formidling av kulturlandskapet. 

Næring med basis i lokal kultur og natur

– Verdiane i dette kulturlandskapet gjev bygda ein attraktivitet som både de som bur her og tilreisande får glede av. Lokalt reiseliv er godt utvikla og gir grunnlag for arbeid, busetnad og lokal samfunnsutvikling. Her er det mange verksemder som driv med basis i lokal kultur og natur, frå fjord til fjell. I samarbeidsnettverket «The happy end» er det 14 verksemder som tilbyr eigenprodusert mat, overnatting og aktivitetar, sa statsforvaltaren i sin tale i dag.

Les også intervju med grunneigar jostein Sande som meiner at Kulturlandskapsprisen forpliktar til vidare arbeid for og med kulutrlandskapet ...

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kulturlandskapsprisen

Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001, med unntak av i 2018.

Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.

Juryen for Kulturlandskapsprisen 2021 har bestått av assisterande statsforvaltar Berit Brendskag Lied (leiar), fylkesordførar Tove Lise Torve, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og landbruksdirektør Frank Madsøy.

Priskriteria og meir informasjon om Kulturlandskapsprisen ...

Oversikt over tidlegare vinnarar ...