Nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjon 0-5 år

Regelmessige konsultasjonar, samspel og tilknytning er viktige tema

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.03.2017

Retningslinja for helsestasjon 0–5 år er ein del av den nasjonale faglege retningslinja for det helsefremmande og førebyggande arbeidet i helsestasjon- og skulehelsetenesta og er bygd opp av fire delar. 

Retningslinja skal bidra til at alle born frå fødsel og til fem år får eit mest mogeleg likt helsetilbod på sin lokale helsestasjon. Retningslinja erstattar IS-1154 «Veileder til forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjeneste.»

Helsestasjon er eit lovpålagt helsetilbod som alle foreldre og borna deira skal kunne nytte, dei første leveåra. Å legge til rette for likt helsetilbod til alle barn uavhengig av kvar dei bur, er i tråd med FNs barnekonvensjon art 24  om at alle barn har rett til eit godt helsetilbod.Alle born har rett til helsekontrollar på helsestasjon og helsedirektoratet tilrår 14 konsultasjonar, dei fleste før barnet har fylt eit år. Intensjonen er å gjera tilbodet kjent og lett tilgjengeleg. Vi veit at regelmessigheit er avgjerande og skaper eit viktig tillitsforhold mellom foreldre og helsepersonell.

Retningslinja legg særleg vekt på krav til leiing og styring av helsestasjonsverksemda og den viktige rolla helsestasjonen har for å avdekke og hindre vald og overgrep mot born. Tilbodet når heile barnebefolkninga, noko som er særleg viktig med tanke på å fange opp uheldig utvikling både fysisk og psykisk.

Den kommunale delen av svangerskapsomsorgen inngår i helsestasjonstilbudet, og blir omfatta av eigen nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsopmorgen