Slik fører vi tilsyn med helsepersonell og verksemder

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal føre tilsyn med all helse- og omsorgsteneste og alt helsepersonell i fylket. Dette er fastlagt i Helsetenestelova. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.03.2022

Tilsynet skal bidra til at

  • tryggleiken og rettstryggleiken til pasientar og brukarar vert ivareteke
  • pasientar og brukarar har tillit til helse- og omsorgstenesta
  • kvaliteten i helse- og omsorgstenesta er i stadig evaluering og utvikling

Statsforvaltaren opprettar tilsynssak når vi får kunnskap om hendingar som vi plikter å undersøke nærare.

Dersom dei meiner at lovar og retningslinjer er brotne, kan pasientar, brukarar eller andre som har rett til det be Statsforvaltaren om ei vurdering, jf. pasient- og brukarrettslova § 7-4. Aktuelle lover her er helsepersonellova, spesialisthelsetenestelova, helse- og omsorgstenestelova og tannhelsetenestelova.

Retten til å be Statsforvaltaren om ei vurdering gjelder også for næraste pårørande til ein avdød pasient eller brukar, og for næraste pårørande til ein pasient eller brukar over 18 år som ikkje har samtykkekompetanse.

Statsforvaltaren kan også på eige initiativ opprette ei tilsynssak, til dømes etter informasjon frå media eller frå andre delar av helse- og omsorgstenesta.

Ei tilsynssak kan rettast både mot eit enkelt helsepersonell og mot verksemder som yter helse- og omsorgstenester. Svikt i helse- og omsorgstenesta kan skuldast feil som er gjort av enkeltpersonar. Det kan også skuldast uheldige samanfall av hendingar som verksemdene skulle ha sikra seg mot gjennom systematiske tiltak.

Slik går vi fram

Når Statsforvaltaren har motteke ei klage, kan vi be helsepersonellet/verksemda og den som har klaga om å snakke saman, slik at eventuelle misforståingar kan løysast og oppklarast.

Dersom saka ikkje løysast ved samtale, vil ho bli send til helsepersonellet/verksemda. Denne skal samle alle journalar og dokument frå dei involverte. Helsepersonell og verksemder har plikt til å gi alle naudsynte opplysingar til Statsforvaltaren. Teieplikta skal ikkje hindre dette. Det kan vere aktuelt å hente inn kommentarar i fleire omgangar, til dømes dersom opplysningar frå klagaren og helsepersonellet/verksemda ikkje samsvarar eller i motstrid til kvarandre. Klagaren har innsyn- og uttalerett til relevante saksdokument, med mindre teieplikta er til hinder for det.

Når Statsforvaltaren har motteke dokumenta, vurderer vi saka ut frå dei reglane som gjeld på området. I enkelte saker kan det vere nødvendig å hente inn sakkunnige vurderingar. Dei påklaga vil i så fall få høve til å kommentere desse.

Gjennomsnittleg behandlingstid hos Statsforvaltaren skal normalt ikkje overstige seks månader.

Vurdering frå Statsforvaltaren

Statsforvaltaren skal vurdere den aktuelle saka/hendinga ut frå krav som vert stilt til verksemder og personell i helse- og omsorgstenesta.

Vi vurderer etter 

  • Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
  • Lov om spesialisthelsetenester
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om pasient- og brukarrettar
  • Anna relevant regelverk i helse- og omsorgslovgivinga

Den aktuelle hendinga må vurderast ut frå den situasjonen helsepersonellet var i, korleis verksemda er organisert, kompetansen til personellet osb. I vurderinga legger vi også vekt på kunnskap om organiseringa av helse- og omsorgstenesta, nasjonale standardar og rettleiarar og eventuelt sakkunnige vurderingar.

Utfallet av vurderinga

Individsaker

Statsforvaltaren si handsaming av saker mot einskilde helsepersonell vil normalt kunne få eitt av fleire fyljande utfall:

  1. Statsforvaltaren konkluderer med at det ikkje er påvist brot på helse- og omsorgslovgivinga. Vi kan likevel påpeike at personellet burde ha handla annleis for at behandlinga skulle ha vore i tråd med «god praksis».

  2. Statsforvaltaren finn at det føreligg lovbrot, men at dette likevel ikkje vil føre til administrative reaksjonar mot helsepersonellet. Avgjerda får ingen formelle konsekvensar for helsepersonellet, men er ei tilbakemelding om at den aktuelle hendinga ikkje var i tråd med lovgivinga. Ved gjentekne tilsynssaker mot det same helsepersonellet kan det verke inn på tilsynsmakta si samla vurdering. Helsepersonell kan ikkje klage på ei slik påpeiking av lovbrot til Statens helsetilsyn, men dei kan oppmode Statsforvaltaren til å vurdere saka på nytt dersom det har tilkome ny informasjon.

  3. Statsforvaltaren meiner at det føreligg lovbrot, og at det kan vere grunnlag for administrative reaksjonar mot helsepersonellet. Saka sendast då til Statens helsetilsyn for vurdering. Reaksjonane helsepersonell kan få er åtvaring, ulike avgrensingar i autorisasjon eller tap av autorisasjon.

Verksemder

Når klagen gjeld verksemder og ikkje einskilde helsepersonell vil Statsforvaltaren normalt avslutte tilsynssaka utan å sende den til Statens helsetilsyn. Dersom det har skjedd lovbrot, vil Statsforvaltaren kunne gi kritikk til verksemda og stille krav om at dei rettar opp lovbrotet. Dersom verksemda ikkje rettar opp, kan saka bli send til Statens helsetilsyn som kan gi pålegg om retting og eventuelt gi tvangsmulkt.

Informasjon til klagaren

Ved avslutning av saka vil den som har meldt inn saka verte orienterte om utfallet, anten ved kopi av brev til helse- og omsorgstenesta, eller i eige brev. Dersom det er Statsforvaltaren som har oppretta sak på eige initiativ, vil den involverte pasienten eller brukaren få informasjon om utfallet av saka.

Den som har klaga har ingen rettar knytt til Statsforvaltaren si avgjerd. Eventuelle erstatningssøksmål eller liknande må sendast som eiga sak til Norsk Pasientskadeerstatning. Ytterlegare informasjon om erstatningsordninga finst på heimesida til Norsk Pasientskadeerstatning, på www.npe.no.