Høgaste kulturminnepris i Europa tildelt Storfjordens venner

I starten av april 2016 kom meldinga om at Storfjordens venner hadde fått tildelt den gjevaste kulturminneprisen i Europa. I slutten av mai var det prisutdeling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.06.2016

Siste veka i mai var ein stor delegasjon  frå Møre og Romsdal i Madrid for å motta EUs kulturminnepris Europa Nostra 2016. Utdelinga føregjekk i det ærverdige Teatro de la Zarzuela.  Kategorien «spesiell innsats» (Dedicated service), som Storfjordens venner fekk pris i, hadde 4 ulike vinnarar.

I over 40 år har Storfjordens venner gjort ein svært stor innsats for å ta vare på kulturminna langs Storfjorden på Sunnmøre. Meir enn 120 ulike bygningar er restaurerte på dei fråflytta fjord- og fjellgardane langs fjorden. Det er utført arbeid på råser og kulturlandskap. Byggetradisjonar vert tekne vare på og haldne ved like. Derfor var det svært gledeleg at handtverkarar også var med under prisutdelinga.

Dagen før den høgtidelege prisutdelinga i teateret var det presentasjon av  dei ulike vinnarane. Bjørn Steinar Skarbø, nestleiar i foreininga,  stod for den. Det vart vist ein fin video  (7 min)  frå Storfjorden og arbeida foreininga har gjort der - kanskje den beste presentasjonen av alle.  Stor applaus til presentasjonen.

Storfjordens venner fekk den nasjonale kulturlandskapsprisen utdelt på Ytste Skotet i 2014. I 2010 fekk Storfjordens Venner tildelt Norsk Kulturarvs Ærespris for sitt viktige og flotte arbeid. Prisen dei no fekk, er den høgaste utmerkinga innafor kulturarbeid i Europa.

Fylkesmann Lodve Solholm, som i tillegg til andre hadde gjeve positiv tilråding til kandidaten, var til stades under utdelinga.  Utmerkinga vil heilt sikkert inspirere Storfjordens venner til  vidare  godt arbeid.  Gratulerer !

Pristildelinga har fått brei omtale i ulike media i Noreg.

Tekst: Byrge Fitje