Førbels rekneskap 2012

Kommunane har rapportert inn førebelse rekneskapstal for 2012.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.03.2013

Dei førebelse rekneskapstala for 2012 viser at kommunane i Møre og Romsdal samla fikk eit betre resultat enn i 2011. Netto driftsresultat vart på 2,1 pst av driftsinntektene i 2012, noko som er ei betring på 1,1 prosentpoeng frå 2011. Netto driftsresultat er hovudindikatoren for den økonomiske situasjonen i kommunane. Tilråda nivå på netto driftsresultat er minst 3 pst av driftsinntektene over tid. Sjølv om netto resultat er styrka, er det framleis ikkje på nivå med tilrådinga.

Den viktigaste enkeltfaktoren til at netto driftsresultat vart høgare i 2012, er at kommunane kunne inntektsføre gevinst i staden for tap på finansielle instrument, til dømes frå plasseringar på børsen. Endringa her utgjer heile 1,2 prosentpoeng.

Ser vi på driftsnivået, altså brutto driftsresultat, har det svekka seg. Det indikerer at den underliggjande driftsbalansen framleis er svak. Om kommunane skal få eit netto driftsresultat på nivå med tilrådinga frå TBU når rentenivået går opp og finansielle instrument ikkje gir same avkastning, må kommunane omstille eller effektivisere drifta.

Figuren over viser resultata for kommunane i Møre og Romsdal samla og for kommunane i Noreg utan Oslo. Figuren viser at den største skilnaden er rentebelastninga. Kommunane her i fylket nyttar eit prosentpoeng meir enn landsgjennomsnittet til å betale renter. Det gjer at kommunane i Noreg utanom Oslo kan ha om lag same driftsnivået som kommunane i Møre og Romsdal, samstundes som dei får eit betre netto driftsresultat.

 

Stranda kommune rapporterte ikkje til SSB tidsnok til å vere med i publiseringa. Tala for fylket representerer dei 35 andre kommunane.