Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2021

Foto: Tormod Meisingset.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 31. mai 2021. Forslaget kan fremjast via eit elektronisk skjema på internett eller ved å sende inn eit forslagsskjema per e-post. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris for å setje fokus på den viktige rollen landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet, og på dei nærings- og samfunnsmessige verdiane som kulturlandskapet representerer.

Kven kan ta i mot prisen?

Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Prisen kan gjevast til aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag eller andre typar fellestiltak.

Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna vurderast etter desse kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden.
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta.
  • At drifta tek omsyn til ulike miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde- Norge.

Korleis fremme forslag på kandidatar?

Alle kan fremme forslag på kandidatar,  og vi oppfordrar spesielt kommunar, landbruksrådgivinga og faglaga til å komme med forslag på minst ein kandidat. Fleire kan gjerne gå samen om eit forslag.

Kandidatar som er foreslått tidlegare kan renominerast. I slike tilfelle treng vi oppdaterte opplysningar om kandidaten.

Forslaget kan fremjast ved å fylle ut eit elektronisk forslagsskjema.

Ta kontakt dersom du har spørsmål. 

Frist til å komme med forslag på kandidatar er 31.mai 

Praktiske opplysningar om prisen

  • Prisen består av ein premie på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom.
  • Prisen har vorte delt ut sidan 2001, med unntak av 2018.