Uttak av kanin i verneområde

Dvergkaniner. Foto: Tina Lem
Dvergkaniner. Foto: Tina Lem

For å betre leveforholda for sjøfugl skal Statsforvaltaren gjere eit uttak av kanin på Flatholmen i Håstein-gruppa i Sola kommune. Uttaket skal gjerast av Statens naturoppsyn.

Publisert 01.06.2021

Utsetting av kanin 

Det er diverre mange døme på at kanin har blitt satt ut i skog og mark, og på øyer og holmar i Rogaland. Dette er ulovleg og tek ikkje omsyn til dyras velferd. Dyrevelferdslova er tydeleg på dette. Statsforvaltaren er ikkje mynde for dyrevelferdslova, dette ligg hjå Mattilsynet. Vårt ansvar er å gjere tiltak som sikrar og betrar vilkåra for norsk naturmangfald; ikkje minst i verneområde.  

Kart over Flatholmen hvor uttaket skal foregå. Dette er Flatholmen som er en del av Håstein-gruppen i Jærstrendene landskapsvernområde med fuglefredning. 

Korleis kanin påverkar naturmangfaldet og skapar hyperpredasjon 

Kanin blir av Artsdatabanken vurdert til å utgjere ein ‘høg risiko’ for norsk naturmangfald, med potensielt stor effekt på økosystem. Hjå sjøfugl skjer det ved at kanin okkuperer naturlege holrom kor artar som teist, alke og lunde vil leggja reir i. Vidare kan kaninbestandar vekse seg store svært fort og dermed beite bort all vegetasjon.

Kanin er også ei matkjelde for rovfugl. I eit naturleg system vil rovfuglbestanda følgje byttedyrbestanda. År med få sjøfugl vil følgjast av år med låge rovfuglbestandar, slik at sjøfuglbestandane kan bygge seg opp att. Men medan sjøfugl kjem til og frå område kvart år, så er kanin der året rundt. Dette bidreg til å oppretthalde høge rovfuglbestandar i år kor det naturleg ville bli mindre rovfugl på grunn av matmangel. Slik at når sumaren kjem så ventar unaturleg mange rovfugl på sjøfuglane når dei kjem til hekkeplassane. Sjøfugl er tett knytt til reira sine, og får berre nokre få ungar i året. Dei er difor lette mål, og tapet av nokre få ungar har ein stor innverknad på årets produksjon.  Medan kanin får store og mange kull kvart år. Ein slik prosess kor eit byttedyr (kanin) aukar predasjonen på eit anna byttedyr (sjøfugl), utan moglegheit for ‘kvileår’, kallast for hyperpredasjon.

Forvaltningas kost- og nytte-vurderingar 

Me veit ikkje heilt kor effektivt tiltaket med uttak av kanin vil vere. Me vil difor også gjennomføre ein teljing av sjøfuglbestandane i år og neste år, medan uttaket gjerast i haust utanfor hekkeperioden. Viss kanin sin viktigaste effekt er at dei opptek holrom så kan ein forventa raske betringar etter at dei har blitt fjerna. Er dei andre prosessane (til dømes talet på rovfugl) meir viktig så kan det ta nokre år før ein ser verknadane av tiltaket.