Melding om oppstart av forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat

Orrevatnet. Foto: Endre Grüner Ofstad, Statsforvaltaren i Rogaland
Orrevatnet. Foto: Endre Grüner Ofstad, Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland melder med dette om at arbeidet med forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat i Klepp kommune skal starta opp. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt for verneområdet, og har med det ansvaret for arbeidet, jf. § 7 i verneforskrifta. I korte trekk skal det lagast ein plan for korleis verneområdet skal forvaltast.

Publisert 22.04.2021

Forvaltningsplanen skal berre gjelda innanfor vernegrensene og med gjeldande vernereglar. Han skal klargjera regelverket og setja mål for korleis området og verneverdiane skal takast vare på.

Statsforvaltaren kan grunna Covid-19 diverre ikkje møte til felles synfaring per dags dato, men oppmodar alle grunneigarar som ønskjer det om å komma med innspel til forvaltningsplanen i tidleg fase. Likeså ønskje om synfaring, som vi vil følgje opp så snart dette lar seg gjere.

Formål med planarbeidet 

Forvaltningsplanen skal:

  • vera eit hjelpemiddel i den daglege forvaltninga av verneområdet.
  • vera ei rettesnor for langsiktig og god forvaltning av verneverdiane.
  • klargjera korleis verneformålet skal sikrast og korleis verneforskrifta skal handhevast, til dømes gjennom konkrete retningsliner knytt til bruksinteresser som landbruk og friluftsliv.
  • vera rettesnor for og gje ei samla oversikt over kva tiltak forvaltningsstyresmakta vil
    prioritera innanfor området.
  • innehalda ein tiltaksdel med konkrete tema som 1) skjøtsel av verneområdet (tradisjonell
    bruk, hogst, beite m.m.), og 2) informasjon for friluftsliv, oppsyn og forsking/overvaking.

Juridisk ramme

Forvaltningsplanen er eit rådgjevande dokument som berre gjeld for området innanfor vernegrensene. Planen kan altså ikkje få direkte juridiske følgjer utover verneforskrifta. Retningslinjene i planen kan heller ikkje vera verken strengare, eller meir lempelege enn det verneforskrifta heimlar.
Forvaltningstiltak, eller konkrete ”vurderingar” i forvaltningsplanar vil likevel kunna ha direkte
følgjer for grunneigarar, rettshavarar, eller andre. I slike tilfelle kan ein klaga over godkjenningsvedtaket for planen etter forvaltningslova. Planen vil gjelda frå han blir godkjend av Miljødirektoratet og inntil vidare.

Saksgang og medverknad

  1. Melding om oppstart blir sendt til grunneigarar, rettshavarar, kommune og andre aktuelle partar.
  2. Statsforvaltaren tek imot innspel for alle, men kan grunna Covid-19 diverre ikkje møte til felles synfaring per dags dato.
  3. Når utkast til forvaltningsplan er utarbeidd, blir dette sendt til gjennomsyn i Miljødirektoratet for fagleg vurdering.
  4. Deretter blir utkastet sendt på lokal høyring til alle aktuelle partar.
  5. Når fristen for høyringa er ute, skal høyringa oppsummerast, og saman med ei tilråding,
    oversendast Miljødirektoratet, som skal godkjenna planen.
  6. Den endelege forvaltningsplanen blir gjort offentleg hjå Naturbase på nettstaden Forvaltingsplanar på nett for verneområde, kor ein også kan lese meir om prosessen.