Frivillig vern har gitt 5 nye verneområde i Rogaland

Etter dagens vedtak har Rogaland i desember fått 5 verneområde som nye naturreservat eller utviding av eksisterande naturreservat. Alle områda er verna etter ordninga frivillig vern av skog; Torstveit naturreservat i Vindafjord, Nordåker naturreservat i Tysvær, Nordraheia naturreservat i Hjelmeland, Skurvedalen naturreservat i Forsand og Hesten naturreservat i Forsand og Strand kommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2019

Saman med vedtaket om Vedvika naturreservat i juni har Rogaland i desember auka sin verneportefølje med 6 område i 2019. Alle desse områda kom til gjennom ordninga frivillig vern av skog. Slike vern er svært viktige grep for å ta vare på eit representativ utval norsk natur for framtidige generasjonar. Desse seks områda representera ein stor variasjon av naturtypar i skog, alt frå skrinn furuskog til rik edellauvskog, og utfyller kvarande med omsyn til biologisk mangfald. Høg naturtype variasjon gir leveområde til ein rekke vanlege og truga artar.

 

Frivillig vern av skog

Ordninga frivillig vern av skog er ein prosess som skal føre til vern av verdifull skogsnatur gjennom eit nært samarbeid mellom grunneigarar, skogeigarlaga (AT Skog SA og Allskog), Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Verneprosessen startar ofte med grunneigarar som tilbyr sine skogseigedomar til vern mot ein erstatning. Skogeigarlaga hjelper grunneigarane i kontakt med Fylkesmannen og Miljødirektoratet, og til saman kjem ein fram til ein løysing om vernegrense, verneforskrift og erstatningsbeløp som tilfredsstillar alle partar.

Fylkesmannen i Rogaland ønskar å takke grunneigarane som bidreg til frivillig vern, og skogeigarlaga AT Skog SA og Allskog for eit godt samarbeid i prosessane mot vernevedtaka.

 

Skattefritt vederlag

Merk at vederlaget som grunneigar får for skogen er fri for skatt og ordninga inneber ingen utgifter for grunneigarane. Det er ingen bindingar i prosessen og grunneigar kan trekke sitt tilbod heilt fram til avtalen er underteikna. Har du skog og lurer på ordninga frivillig skogvern er det berre å ta kontakt med Fylkesmannen i Rogaland eller eit av skogeigarlaga.

 

Hesten naturreservat (20. desember)

Hesten naturreservat (Forsand kommune og Strand kommune) blei nå utvida med 1414 dekar i nord. Totalt dekker verneområdet nå 10707 dekar der heile 3578 dekar har kome til gjennom to omgangar frivillig skogvern. Tillegga har fleire unike område med naturtypen boreonemoral regnskog som hovudsakleg er å finne einskilde stader på vestlandet. Desse skogane er levestad for ei rekke sjeldne og truga artar som har strenge krav til jamn luftråme og vintermildt klima. Desse nasjonalt og internasjonalt viktige naturverdiane kjem i tillegg til dei store biologiske verdiane som allereie verna i naturreservatet.

Hesten naturreservat (Foto: KLD/Fylkesmannen i Rogaland)

 

Skurvedalen naturreservat (6. desember)

Skurvedalen naturreservat (Forsand kommune) er øvre del av Skurvedalen på nordsida av Lysefjorden. Dalen har får inngrep og naturreservatet på 2947 dekar representera ein mellomliggande boreal blandingsskog med furu og lauvtreinnslag. Området er representert med fleire til dels fuktkrevjande artar knytt til kystfuruskog, til dømes, pupurmose, kystkorall-lav. Eldre skog, med registreringar over 230 år gamle tre, finst i nedre deler medan skogen går over mot sub-alpine skog og fjell i overkant, med noko påverknad av seterdrift ved Songesandstølane. Område omfattar eldre skog som i stor grad har fått stått urørd, og er særskilt viktig heilskapleg innslag av biologisk mangfald. I tillegg har området særskilte verdiar med omsyn til friluftsliv.

Skurvedalen naturreservat (Foto: KLD/Fylkesmannen i Rogaland)

 

Nordåker naturreservat (6. desember)

Nordåker naturreservat (Tysvær kommune) er eit nytt 773 dekar stort naturreservat som inkluderer både rik edellauvskog og skrinn furuskog. Det er fleire raudlista artar knytt til edellauvskogen i lia over garden Nordåker. Her er det fleire styva ask- og almetre som er grobotn for fleire spennande lav, mosar, sopp og insekt. Trea veks på rik lågurtmark med fleire krevjande artar og eit høgt mangfald av treslag til regionen å vere. I overkant av edellauvlia går skogen over i furukledt lyngskogmark og blåbærmark. Her er det også einskilde myrer og holt med boreale lauvtre, derimellom nokre flotte osp. Det er rikt viltområde der ein mellom anna finn fleire gaddar med tydeleg spor etter hakkespett.

Nordåker naturreservat (Foto: KLD/Fylkesmannen i Rogaland)

 

Nordraheia naturreservat (6. desember)

Nordraheia naturreservat (Hjelmeland kommune) er ein utviding av tidlegare Nordstølhei naturreservat. Tillegget i dette vedtaket er hovudsakleg ein del av Vormedalen landskapsvernområde som blir gjort om til naturreservat. Det nye naturreservatet utgjer i dag om lag 17865 dekar og er dermed blant dei større naturreservata i Rogaland. Område representerar eit større samanhengande skogsområde frå fjord til fjell, og har ein stor variasjon i naturtypar assosiert med vestnorsk furuskog. Dei rikaste områda inkluderer artar frå lungenever-samfunnet, som er store lav som gjerne veks på tre i fuktige skogar. Blant ansvarsartane kan me nemne bergfrue, vingemose og heimose. I høgda går skogen over mot bjørkeskog og hei og nakent fjell. Gaddar og daud ved gir god mattilgang til sopp og insekt som igjen gir mattilgang til artar som kvitryggspett osv. Dyrelivet er rikt med registreringar av mellom anna storfugl, hubro og havørn.

Nordaheia naturreservat (Foto: KLD/Fylkesmannen i Rogaland)

 

Torstveit naturreservat (6. desember)

Torstveit naturreservat (Vindafjord kommune) er eit 2600 dekar stort langstrakt furuskogsområde, med ein elveøyr som deler område i to. Det er fleire delområde med til dels svært grov furu, der einskilde tre er over 200 år gamle. Det er ein usedvanleg kraftig vekst i skogen slik at trea har ein god dimensjon utan å få karakteristikk som ein gjerne finn att i dei aller eldste trea med krøket topp etc. Område har faste spelplassar for både storfugl og orrfugl. Torstveit naturreservat er ein representant av eldre vestnorsk skog på høg bonitet som har vert heldt i hevd med beiting og hogst i lengre tid.

Torstveit naturreservat (Foto: KLD/Fylkesmannen i Rogaland)

 

Vedvika naturreservat (21. juni)

Vedvika naturreservat (Vindafjord kommune) er eit mindre verneområde om lag 46 dekar med svært store naturverdiar knytt til boreonemoral regnskog. Sjå tidlegare omtale.

Vedvika naturreservat (Foto: KLD/Fylkesmannen i Rogaland)

Foto: Fylkesmannen i Rogaland

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.