Fire nye verneområde til Sandnes, Sauda og Suldal kommunar - og Rogaland fylke

Om nokon er i tvil, Rogaland er også eit skogsfylke! Fredag 27.11.2020 vedtok Kongen i Statsråd at fire skogsområde i Rogaland skulle vernast for framtidige generasjonar. Dette er skog med svært høg naturverdi, og representerer ein variasjon av Rogalands skogsmiljø. Hylsskaret naturreservat har eldre furuskog og edellauvskog i Suldal kommune, Øyna naturreservat representerer ei innlandsøy med skog påverka av høg jamn fukt, Vikaneset er ei utviding med edellauvskog i Sandsfjorden i Sauda og Suldal kommunar, medan Skurvedalen i Sandnes kommune er ein urørt skogsdal med eldre blandingsskog på nordsida av Lysefjorden.

Fylkesmannen i Rogaland takkar alle grunneigarar som har bidratt til å ta vare på unike skogsmiljø og biologisk mangfald.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.11.2020

Frivillig skogvern er ein ordning der grunneigarar med skog kan melde inn sin skog for å få den vurdert til vern mot ein skattefri økonomisk kompensasjon. Det er skogsverdiane som gir grunnlaget for kompensasjonen, utan at tilbydar seier ifrå seg eigedomsretten. Dette har vært ein suksessfull ordning og fleire område har blitt verna dei siste åra. Og gjennom Kongeleg Resolusjon blei nå fire nye område verna med alt plante- og dyreliv for framtidige generasjonar.

Ein skog er dynamisk og i evig endring, ein skog blir gamal, nokre tre døyr, fell overende og råtnar, medan nye kjem til. Ein slik dynamikk skapar ein blanding av unge og gamle tre, med daudved ståande og på bakken, alle desse elementa saman med næringstilgang og fuktigheit gir liv til skogen. Det være seg fuglar, dyr, insekt, plantar, sopp anten at dei nyttar skogen som skjul, bo, næringssøk, reproduksjon osv.

Skog er ikkje berre skog, det er veldig mange naturtypar, og skog er det mest artsrike habitata i Noreg og veldig mange raudlista og ansvars artar er knytt til skog. I dei vestnorske skogane er det spesielt rikt på artar som krev stabile kystnære klima. Nokre av desse naturtypane har me nå fått forsterka gjennom vern av store samanhengande skogsområde.

Hylsskaret naturreservat (Suldal kommune)

Hylsskaret er den gamle ferdselsvegen mellom områda langs Suldalsvatnet og Hylssfjorden og utover mot verda vidare mot vest. Her er det bratte fjellsider med både eldre furuskog og rik edellauvskog. Desse rike kulturområda synast også på naturen og særskilt stolte styvar står i liene. Gjennom dette vernet har me fått eit flott viltområde med fjordsider, bekkekløfter, og store samanhengande skogsareal. Særskilt i edellauvskogane, alm-lindeskogar med lågurtmark, er rike på artar og representerer den indre delen av eit edellauvsbelte som strekker seg utover i dei sørvendte fjordsida i nordfylket.

(Vernekart som pdf)

Øyna naturreservat (Suldal kommune)

Om lag midt i Sandsfjorden ligg Øyna naturreservat omgitt av høge fjordlier som bringer eit stabilt lokalklima til ein lita øy. På nordvest ber skogen preg av høg fuktigheit og ligg nære dei boreonemorale regnskogane, medan mot søraust finn me ein lomme med flotte askestyvar og hasselkratt rike på epifyttar og raudlista artar. Dette er ei perle midt i vårt indre fjordrike.

(Vernekart som pdf)

Vikaneset naturreservat (Sauda og Suldal kommunar)

Vikaneset er nå blitt eit av våre lengste naturreservat med sine 5,2 km skogkledt fjellside mot Saudafjorden. Her finn me fleire rike og mektige bekkekløfter, med edellauvskog i nord som går over mot boreal blandingsskog på låg bonitet i sør. Heile denne variasjonen blir nå forsterka gjennom eit stort naturreservat, slik at det blir rom for eit samla høgt biologisk mangfald i naturleg utvikling. Her vil det være rom for rikt fugleliv, og gode bestandar av plantar, mosar og lav knytt til våre edellauvskogar.                        

(Vernekart som pdf)

Skurvedalen naturreservat (Sandnes kommune)

Dette reservatet byrja som Forsand kommune, men utvidinga blei vidareført av Sandnes kommune. Nå er heile Skurvedalen nordaust om Bratteli i Lysefjorden verna for all framtid. Dette er ein unik skogsdal med svært lite påverknad frå menneskeleg aktivitet. Her har naturen fått drive sitt spel i lengre tid, og deler av denne skogen ber preg av høg alder. Her finn me spannande lav-artar i lungenever-samfunnet og spesielle mosar som purpurmose. Området representerer ein høgdevariasjon av kystnær furuskog og boreal blandingsskog. Sentralt i dalen renn Bratteliåna som ein blå tråd frå Songesandstølane og heilt ned forbi Myra, rett nord for Bakken gard.

(Vernekart som pdf)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.