Kalking har fått laks og aure tilbake i dei fleste vassdraga i Rogaland

Sur nedbør påverkar framleis vatn og vassdrag i Rogaland, spesielt i sørlege delar av fylket. Lokal kalking av sure vassdrag er blant dei viktigaste verkemidla i kampen mot den sure nedbøren. Dette er i samsvar med nasjonal satsing og internasjonale avtalar. I Rogaland blir det kalka ca. 60 innsjøar og 9 laksevassdrag. 

Publisert 04.11.2020

Problema knytt til sur nedbør byrja å dukke opp så tidleg som på slutten av 1800-taletutan at det då var klart kva årsaka var. Det var ikkje før på 1980-talet at dei merkbare endringane i form av omfattande fiskedød skaut fart. Dette var eit problem som trong umiddelbar løysing og handling.  

Dei første internasjonale avtalane knytt til sur nedbør vart difor signerte på 1980-talet. Same tiår starta dei første kalkingsprosjekta for å nøytralisere syrenivået i vassdraga. Fram til 2000 var det ein betydeleg reduksjon i sur nedbør. Etter tusenårsskiftet har reduksjonen til ei viss grad stabilisert seg. 

En av de nyeste kalkdosereren i fylket befinner seg i Vinddalen i Sandnes kommune. Denne er med på å bedre forholdene for fisk og småkryp i Espedalselva. Foto: Ørjan Simonsen/Fylkesmannen i Rogaland

Ein av dei nyaste kalkdoserarane i fylket står i Vinddalen i Sandnes kommune. Denne er med på å betre tilhøva for fisk og småkryp i Espedalselva. Foto: Ørjan Simonsen/Fylkesmannen i Rogaland

Eit generelt tap av biologisk mangfald i vassdraga vart observert som resultat av den sure nedbøren. Ikkje berre døydde ein stor del av fiskebestandane, men artar som levde av fisk forsvann óg, slik som fiskeørn og oter. Desse artane ser vi no kjem tilbake til område der dei har vore borte i årtier. 

Som førebyggande tiltak vart ein eigen handlingsplan laga for å følgje opp det eksisterande arbeidet med kalkingen i vassdraga rundt om i landet. Per dags dato er det handlingsplanen 2016-2021 som er gjeldande. Det vert no utarbeida ein ny handlingsplan for kalking, som skal gjelde for perioden 2021-2026. 

Kalken slippes gjerne ut der det er små stryk eller fossefall, slik at innblandingen i vannmassene blir god. Foto: Ørjan Simonsen/Fylkesmannen i Rogaland

Kalken vert gjerne sleppt ut der det er små stryk eller fossefall, slik at innblandinga i vatnmassane blir god. Foto: Ørjan Simonsen/Fylkesmannen i Rogaland

Omtrent 60 innsjøer blir kalka i Rogaland. Dette skjer med helikopter eller båt. Her fra Frafjord i Gjesdal. Foto: Ørjan Simonsen/Fylkesmannen i Rogaland

Omtrent 60 innsjøar blir kalka i Rogaland. Dette skjer med helikopter eller båt. Her frå Frafjord i Gjesdal. Foto: Ørjan Simonsen/Fylkesmannen i Rogaland

Allmenn tilgang til fiske er eit viktig vilkår for at kalkinga skal haldast oppe med statleg finansiering. Gode fiskerike lakseelver kan gi stor lokal verdiskaping. Nasjonalt gir fiske i lakseelver meir enn 1 milliard kr årleg i omsetning.  

Å ta vare på dei særs naturrike elve-økosystema i Rogaland, med godt fiske og høve til friluftsliv, er sentrale mål for Fylkesmannen i Rogaland og aktuelle kommunar som Vindafjord, Suldal, Sandnes, Gjesdal, Bjerkreim, Sokndal og Hå. Vi samarbeidar difor særs godt om dette målet.  

Kontaktpersonar