DNA – eit av dei viktigaste verktøya for overvaking av store rovdyr

Rovdyr blir overvaka med DNA
Rovdyr blir overvaka med DNA Foto: Rovbasen - NINA.

Arvestoffet DNA er nytta til overvaking av store rovdyr og kongeørn i Norge. Men korleis finn ein DNA frå desse dyra? Og kva for ein informasjon kan hentast ut frå DNA? Og korleis vert denne kunnskapen nytta?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2021

Rovdata og Norsk institutt for naturforsking (NINA) gjev svar på desse spørsmåla i ein ny film dei har laga - sjå filmen på YouTube.

Rovdata har og laga ei eigen nettside der dei deler meir informasjon om overvaking av store rovdyr med hjelp av DNA.

Slik kan du bidra i innsamlinga av DNA frå brunbjørn, jerv og ulv

Du treng ein rein plastpose og ein konvolutt for hårprøver. Prøvane skal leverast til din lokale rovviltkontakt i Statens naturoppsyn.

Alle kjende rovdyr er registrert i ein felles skandinavisk database - Rovbasen. Der kan ein fritt gå inn å sjekke analyseresultat frå innleverte DNA-prøver.

NINA bruker også DNA til å følgje med på laks, liv i innsjøar og ei rekke andre dyr.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.