1 ulv felt på skadefelling i Lund

Fredag 16. oktober vart ein ulv felt på skadefelling ved Moi i Lund kommune. Fellinga vart utført av det interkommunale skadefellingslaget i Rogaland i henhald til skadefellingsløyve gitt av Fylkesmannen i Rogaland.

Publisert 19.10.2020

Fylkesmannen gav løyve til felling av 1 ulv i Lund kommune 8. oktober. Løyvet gjeld i utgangspunktet fram til 21. oktober kl. 12:00, men sidan løyvet er avgrensa til felling av ein ulv så er det i praksis no stansa.

Løyve til skadefelling vart gitt grunna dokumentert skade på lam frå ulv (sjå vedlegg).