Mink i Rogaland

Mink. Foto: Jan Ove Gjershaug Norsk Institutt for naturforskning (CC BY 4)
Mink. Foto: Jan Ove Gjershaug Norsk Institutt for naturforskning (CC BY 4)

Uttak av mink i Rogaland aukar, og går no i land.

Publisert 17.02.2021

Mink er rekna som ein framand art med ‘svært høg risiko’, noko som skuldast at mink har både stort invasjonspotensiale og stor effekt på økosystema i dei områda der den etablerer seg. Mink trivast i våte økosystem kor den primært et fisk, egg og ungfugl i hekke- og oppvekstområde. Konsekvensane av mink på fleire artar langs kysten er så stor at arten er møtt med ein eigen handlingsplan. Mink kan på kort tid utradere heile koloniar med sjøfugl.

Det jobbast nasjonalt med å fjerna mink frå både i og utanfor verneområda, til dømes laga NRK ein dokumentar om SNO sitt uttak av mink frå Sør-Smøla landskapsvernområde. Statsforvaltaren i Rogaland har i samband med Statens Naturoppsyn jobba systematisk i fleire år med uttak av mink i Rogaland. Me har hatt ein overordna strategi om å begynne med dei ytste øyene og jobba oss innover mot fastlandet. Dei siste årane har me fått fjerna eller betydeleg redusert minkbestandane på Kvitsøy, Kjør, Rott, Bjørkvær og Røvær. I år har me gjort ein innsats på Feøy, og skal nå satsa vidare langs Jærstrendene. Her vil me fokusera på fuglefredingsområde og område ein trur vil vere sentrale skjulestadar for mink. Statsforvaltaren kontaktar aktuelle grunneigarar for å innhente innspel på tiltaka.

Jegerane jobbar på vegne av Statsforvaltaren, og dei skal kunne gjere seg til kjenne i felt. Minkuttak blir gjort primært med feller, men jegerane våre nyttar også hund for å spore mink effektivt. Alle feller blir godt merka og er ikkje til fare for allment friluftsliv. Da lokale tettleikar av mink er varierande så kan me diverre ikkje stadfesta kor jegerane vil vera til ein kvar tid. 

Kontaktpersonar