Velkomen til Inn på tunet-studietur i Nord-Rogaland

Vil du sjå korleis Inn på tunet-gardane kan skreddarsy gode tilbod til ulike brukargrupper? Bli med på studietur onsdag 16. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2019

Inn på tunet Rogaland, i samarbeid med Fylkesmannen, arrangerer Inn på tunet studietur onsdag 16. oktober. Det blir besøk til gardane Søre Skogen og Haugen gard i Skjold. Det blir særskilt fokus på tilbod til brukarar innan rus/psykiatri, demens og tilrettelagt skule. 

Målgruppa for studieturen er både tilbydarar og kjøparar av Inn på tunet tenester, aktuelle brukarorganisasjonar eller andre interesserte. 

Kva er Inn på tunet?

Den offisielle definisjonen er: «Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel.» Inn på tunet retter seg mot oppvekst/skule- samt helse/omsorg/sosial- og arbeidssektor.

Føremålet med studieturen blir å vise korleis Inn på tunet-gardane kan skreddarsy gode tilbod til ulike brukargrupper.

Påmelding

Påmelding til Ynskje Kaldheim,  ynskje@haugnett.no  eller mob 41686756. Gi beskjed om du kjem på fellesstarten frå Aksdal eller møter direkte på gardane (eventuelt berre kjem på ein av dei). Ingen deltakaravgift.

Program

09.15: Vi møtast i Aksdal utanfor kjøpesenteret, fyller opp biler, og har felles avreise frå Aksdal kl. 09.30. Det er også mogleg å møte direkte på gardane dersom dette er meir praktisk.

10.00: Framkomst Søre skogen – eit økologisk drive småbruk i Skjold, Vindafjord kommune. Søre skogen har eit mangfald av aktivitetstilbod, både innan gardsturisme, Inn på tunet mm. På studieturen vil det bli fokusert på tilbod garden har til brukarar innan rus/psykiatri. Vi får omvising på garden ved Drude Isene, og Vindafjord kommune vil vere representert ved ruskonsulent Elin Kvanvik.  

11.15: Avreise Søre Skogen

11.30: Framkomst Haugen gard i Skjold. Haugen gard er eit gardsbruk i Vindafjord som driv med mjølke- og kjøttproduksjon. I tillegg er det eit tilbod til elevar i grunnskulen som har behov for «ein annleis skuledag». Tidlegare har det også vore eit dagtilbod til heimebuande demente som gjekk under namnet «Gløymsk men glad». Jan Idar Haugen og Kari Synnøve Velde Haugen vil vise oss rundt på garden. Det vil også vere med representantar frå Vindafjord kommune. På Haugen gard blir det kaffi/te – og litt matservering.   

I tillegg blir det «eksklusiv førpremiere» på den nyproduserte filmen om Inn på tunet i Rogaland.

Andre tilbydarar fra Nord-fylket/Ryfylke vil få høve til å presentere sine tilbod (stands, materiell, osv.).

Bjørn S. Berg frå Fylkesmannen vil gi ein kort orientering om Inn på tunet satsinga nasjonalt og om Fylkesmannens oppdrag.

13.15: Avreise frå Haugen gard – i Aksdal ca. kl 13.45.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.