Krevjande å få realisert nye, mellomstore mjølkefjøs

Mjølkekyr blir henta inn frå beite
Mjølkekyr blir henta inn frå beite Foto: Annabell Pfluger / Statsforvaltaren i Rogaland.

Statsforvalteren hadde den 27. januar samråd med region Vestland om korleis fleire mjølkefjøs kan bli realisert. Hovuderfaringa er at slike nye fjøs med kapasitet for 15 – 30 kyr ofte gir for lita lønsemd, samstundes som det er eit mål å stimulere til nybygg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2021

Samrådet blei arrangert etter initiativ frå landbruksdirektør Geir Skadberg, med deltakarar frå fylkeskommunane, Innovasjon Norge, TINE og Statsforvaltarane.

Distriktsmjølka er viktig

Det er godt kjent at krav om lausdrift for storfe trer i kraft i 2034. Den politiske bestillinga er at investeringsmidlane frå Innovasjon Norge skal prioriterast til realisering av nye, mellomstore mjølkefjøs. I Rogaland er nok den største utfordringa å realisere nye fjøs i distrikta våre. Om lag 35% av mjølkevolumet i Rogaland blir produsert i distrikta, og produksjonen her bør ikkje gå ned. Dette er det god semje om i landbrukspartnarskapet i Rogaland. Eit viktig moment her er beiteressursane. Våre utfordringar med nye fjøs i distrikta er i stor grad lik utfordringane region Vestland står ovanfor.

Lønnsemd ei stor utfordring

Konklusjonen frå møtet er at for få mellomstore mjølkefjøs blir realisert på grunn av for dårleg lønsemd. Det ligg fleire faktorar bak kvifor det ofte blir slik, men høg byggjekostnad er nok den viktigaste. Det er i denne diskusjonen også legitimt å stille spørsmål ved ein del av dei politiske rammene, m.a. den øvre grensa for kor mykje staten kan gi i tilskot til slike investeringar. Frå Rogaland si side blei det særleg framheva at det er for lite midlar sett i høve til behovet, som er ei større utfordring enn maksgrense for tilskot i den enkelte sak.

Vi tek dette vidare

Dialogmøtet ga oss ein god start på eit regionalt nettverk for denne utfordringa i landbrukspolitikken. Nettverket skal no saman laga eit kunnskapsgrunnlag om utfordringsbilete, som på eit riktig tidspunkt også skal sendast til dei rette styresmakter og instansar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar