Gardsysteri og gardsutsal på Varhaug

– Eg drivast av lysten til å få det til, seier bonde og snart eigar av eige ysteri og gardsutsal, Siri Rasmussen Lea. Saman med mannen Jon Lea set dei nå i gang med ein større satsing på Varhaug med produksjon av ost frå eigen mjølk på garden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2019

Inspirasjon og idémyldring

Det heile starta med ei jentetur til Julemarknaden i Eigersund kor Lea fekk smake på Festosten, ein type Feta-ost frå Haugaland meieri. Den var knallgod, og ho vart imponert over bonden som fekk dette til. – Det fekk meg til å lure på om dette var noko me kunne gjera på garden heime, seier Siri med glimt i auge.  Nå er dei allereie i gang med bygging av ysteri og utprøving av ostar for produksjon og sal i eige gardsutsal.

Bygge stein på stein

Denne tanken forsvann ikkje, og ho og mannen sette seg ned og teikna og kalkulerte og vurderte på kva som kunne være mogleg å få til, og kva ressursar det ville krevje. Målet var å auke verdiskapinga på gardens ressursar. Heile familien engasjerte seg, både to søner og dei vaksne jentene som ikkje lenger bur heime. Etter dei hadde fått ideen søkte dei kunnskap i nettverket sitt. Mor og døtrene drog på yste kurs og testa ut kunnskapen då dei kom heim. Deretter kontakta Siri Innovasjon Norge og fekk innvilga forprosjektmidlar. Ystepikene (mor og døtrer) testa ut ulike type ostar. Mellom anna ein variant av fetaost som dei kallar Jærsk Bedaost, nokre mjuke ostar og krona på verket – ein Mont d’Orinspirert ost. Her er barken rundt osten byta ut med handsanka fingertare frå Fiskby-K frå Eigersund. Jon gjer endringar i fôr-planar i samarbeid med Tine for å få best mogleg råstoff til ostane. Både ysteriet og gardsutsalet skal byggas på eigen gard.

Mykje god hjelp å få

Siri har god forretningssans, og veit kva dei er gode på og kor dei treng hjelp. Ho søkte kompetanse hos ein tidlegare drivar av ysteri i Tysnes som nå arbeidar som konsulent i bransjen. Her fekk de hjelp til å prosjektere produksjonen og sjå på heilheita i produksjonslokalet. Noko av det viktigaste og kanskje vanskelegaste har vore konseptutvikling. Siri fekk tidleg kontakt med Heidi Netland Berge som har mellom anna jobba med Gladmat, Tine, skrive kokebok og vore produktutviklar hos Pizzabakeren, og driv nå innan konseptutvikling, sal og marknadsføring for matverksemder. Heidi hjelpte Siri med å kartlegge marknaden. Kva marknad vil dei inn i med tanke på pris, kvalitet, produkt, volum og så vidare. Kva ostar var det marknaden ynskja? Kva kundar skulle dei satse på og kva prisar kunne dei leggja seg på. Heidi sette dei òg i kontakt med moglege kundar og samarbeidspartnerar. Slik har dei fått utvikla nokre særprega ostar som dei håper marknaden tek godt i mot, til god pris og med lokale aktørar. Mellom anna samarbeidet med Fiskby-K og.
Dei har og engasjert PlayDesign som skal arbeida med reklame og kommunikasjon, og Cave&Cube som hjelper med å innreie gardsbutikken. Siri og Jon sin filosofi er «Vi gjer det vi er gode på, og så kjøper vi den kompetansen vi ikkje har, eller har tid til å gjera sjølv».

Opning til jul

Viss alt går etter planen, og ostane og bygget blir klart så opne me i desember. Då rekker alle å få med seg ein Jærsk Havsletteost til jule-kosen. Flott julepresang kan det og verta, smiler Siri lurt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.