Eit mangfald av smakar frå Fjord-Norge til verdas største matmesse

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen reiser til verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche i Berlin, i januar 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2019

Mangfald av råvarer

Produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost, urter og sjokolade er hovudingrediensar i rettane som skal serverast i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert også med. Under messa vil eigne kokkar, saman med deltakarane, laga smaksprøvar som viser mangfaldet det vestnorske kjøkkenet kan tilby. Smakane skal synleggjera Noreg som reiselivsdestinasjon og løfta maten si rolle i reiselivsprodukta.

Smaksverkstad med nye smaksopplevingar

Hektisk aktivitet under smaksverkstad i Bergen (Foto: Ragna Flotve)

12. september møttest produsentar, kokkar og arrangørar til smaksverkstad. Her laga dyktige kokkar, saman med deltakarane, nye og velsmakande rettar, samansett av eit mangfald råvarer frå regionen, og deltakarbedriftene presenterte mat- og reiselivsprodukt av høg kvalitet. Samarbeid på tvers av produkt og bransje vart diskutert og nye kontaktar vart etablerte. Kan ost, sider og sjokolade kombinerast? Ja, kvifor ikkje?

Samarbeid betrar resultatet

Mange lokalprodusentar og reiselivsverksemder betrar resultatet sitt gjennom samarbeid med kvarandre og nettverksbygging er eit viktig mål for deltakinga i Grüne Woche. Landbruksnæringa utgjer ein viktig del av utviklinga av eit ekte og berekraftig reiseliv. Bedriftssamarbeid er ein suksessfaktor her.

Kombinasjonen av god mat og gode natur- og kulturopplevingar styrkar reiselivet i regionen i dag. Dette vil me utvikla vidare.

Nye, unike smaksopplevingar blir til (Foto: Ragna Flotve)

Desse er med frå Vestlandet/Fjord-Norge

Rogaland:
Nyyyt
Lie gård
Jan Haslemo
Energihotellet
Vitengarden

Vestland - Hordaland:
Fjåk
Hardangergutane
Cornelius Sjømatrestaurant
Ostegården
Spildegarden

Vestland – Sogn og Fjordane:
Walaker Hotel
Vikja AS
Amble gård
Kandal Kjøt DA
Sogn Aqua/Glitne

Møre og Romsdal:
Skarbø Gard
Nilsgardstunet
Stolt Mat
Brasserie Posten og Geiranger bryggeri
Sider AS

Kontaktpersonar