Statsforvaltaren meiner Rogaland fylkeskommune bør få jordvernpris

Statsforvaltaren i Rogaland meiner Rogaland fylkeskommune er ein god kandidat til jordvernprisen 2021. Dei har gjort eit godt arbeid med Jordvernstrategi for matfylket Rogaland, og det var ein merkedag for jordvernet når den blei vedteken i fylkestinget 12. juni 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2021

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har invitert oss til å føreslå kandidat til jordvernprisen 2021. Vi har også annonsert dette på vår nettside, og har motteke  forslag til kandidatar.   

Ein merkedag for jordvernet i Rogaland

Som det kjem fram av vårt brev til LMD, er den viktigaste grunnen til vårt forslag Rogaland fylkeskommune sitt arbeid med Jordvernstrategi for matfylket Rogaland, med endeleg samrøystes vedtak i fylkestinget 12. juni 2019. 12. juni 2019 kan seiast å vere ein merkedag for jordvernet i Rogaland. Her blei det vedteke mål om at omdisponering av jordbruksareal innan 2022 skal vere under 400 dekar i året i Rogaland. Det inkludert omdisponeringa innan landbruket. Jordvernstrategien peikar ut tre hovudområde for innsats:

  • Kunnskapsformidling
  • Jordvernomsyn i planar
  • Utfordre landbruksnæringa

Jordvernstrategien har klart gitt auka merksemd på jordvern i heile Rogaland, og blir eit sentralt grunnlagsdokument inn mot arbeidet med revisjon av kommuneplanar.

Regionalplanar som viktig verktøy

Vi meiner Rogaland fylkeskommune gjennom mange år har hatt ei sentral jordvernrolle i regionen, særleg gjennom arbeidet med regionale areal- og transportplanar. Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren, vedteken oktober 2000, var første plan i landet der det var trekt langsiktig grense for landbruk på regionalt nivå. Grensa er seinare formalisert og kartfesta i alle dei aktuelle kommunane. Jordvernmålet frå jordvernstrategien er teken vidare i nyleg vedteken Regionalplan for Jæren og søre Ryfylke, der det nå er lagt opp til at kvar kommune skal drøfte sitt eige jordvernmål ved revisjon av kommuneplan. Planområdet omfattar her eit av dei viktigaste landbruksområda i landet, med anslagsvis 10 prosent av det nasjonale husdyrhaldet.

Korleis er like viktig som kor vi bygg

Arealutnytting og lokaliseringsstyring er viktig for jordvernet, men også for andre omsyn som er viktige i planlegginga. Det er viktig at jordvernet blir ein integrert del av andre nasjonale og regionale omsyn, slik som å ta vare på naturverdiar og det å redusere transportarbeidet. Rogaland fylkeskommune har vore ein aktiv deltakar i arbeidet med Bymiljøpakken, der nullvekstmålet i biltransport også er eit positivt bidrag for jordvernet.

Kven vinn i år?

Vi er merksame på at prisen gjekk til Randaberg kommune og Rogaland i 2019, men det bør ikkje diskvalifisere ein ny god kandidat frå Rogaland. Vi får vente i spenning å sjå kven som vinn jordvernprisen i 2021.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.