Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dyrevelferd handlar om meir enn haldningar

Viktige faktorar som mestring og forståing for krav blir ofte utegløymt i diskusjonen om dyrevelferd.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 23.10.2019

Psykolog og bonde Andreas Våge kjem til Agrovisjon på dyrevelferdsseminaret 2. november og vil presentere ei systemtenking som omhandlar kva for faktorar som påverkar bonden sin atferd.

Debatten om dyrevelferd har vore ganske intens det siste året.

- Det er ikkje nok å skylde på haldningar, også andre faktorar speler inn, seier Andreas Våge.

For å oppnå ønska atferd hos bonden, må ho/han oppleve å ha oversikt over kva som er krava samt ei oppleving av mestring. Dette gir aktive og trygge produsentar. Ved implementering av til dømes dyrevelferdsprogramma, er det viktig å ha fokus på dette, i tillegg til haldningsskapande kampanjar.

Andreas Våge er tilsett hos Nortura og sauebonde på Rennesøy.