Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid

Dato:
16. september 2021
Stad:
Vikedal, Vindafjord kommune
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Vindafjord kommune, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Alle som jobbar med landbruk eller næringsutvikling i forvaltning og næringsliv
Under utferden skal me sjå på klimavenlege landbruksbygg i tre.
Under utferden skal me sjå på klimavenlege landbruksbygg i tre. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Skogselskapet i Rogaland inviterer til klimaseminar «Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid».

Publisert 15.06.2021

Korleis kan kommunar og næringsliv samarbeide om gode klimatiltak? Korleis gir klimaomstilling i landbruket moglegheiter for næringsutvikling?

Arne Bergsvåg, fylkesvaraordførar, fortel om fylkeskommunen sin rolle i klimaarbeidet, og framoverlente aktørar i landbruket og næringslivet presenterer eksempel på velfungerande ordningar der næringslivet og kommunane samarbeider om klimatiltak i landbruket.

Agenda

  • Ope årsmøte i Skogselskapet. Kaffi med noko attåt
  • Lunsj for alle deltakarar på årsmøte og klimaseminar
  • Klimaseminar: Fagprogram med innlegg frå mellom anna fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg og Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef i Vindafjord.
  • Utferd: Tore Hundseid viser klimavenlege landbruksbygg i tre. Kjell Tomas Kirketeig viser fram korleis biogass, solceller og flisfyring kan kombinerast på gardsbruk med smågrisproduksjon.

Hald av dagen! Utfyllande program og påmelding kjem på eit seinare tidspunkt.

Seminaret skjer i samband med årsmøtet i Skogselskapet i Rogaland, og er arrangert i samarbeid med Vindafjord kommune, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland.

Dato:
16. september 2021
Stad:
Vikedal, Vindafjord kommune
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Vindafjord kommune, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Alle som jobbar med landbruk eller næringsutvikling i forvaltning og næringsliv