Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid

Dato:
16. september 2021
Sted:
Vikedal, Vindafjord kommune
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Vindafjord kommune, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Alle som jobbar med landbruk eller næringsutvikling i forvaltning og næringsliv
Kyllinghus med solceller på taket.
Kyllinghus med solceller på taket. Foto: Eli Serigstad Munkeby.

Korleis kan kommunar og næringsliv samarbeide om gode klimatiltak? Korleis gir klimaomstilling i landbruket moglegheiter for næringsutvikling? Me diskuterer løysingane den 16. september.

Publisert 15.06.2021, Oppdatert 23.08.2021

Skogselskapet i Rogaland inviterer til klimaseminar «Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid».

Arne Bergsvåg, fylkesvaraordførar, fortel om fylkeskommunen sin rolle i klimaarbeidet, og framoverlente aktørar i landbruket og næringslivet presenterer eksempel på velfungerande ordningar der næringslivet og kommunane samarbeider om klimatiltak i landbruket.

Påmelding i skjemaet under innan 9. september.

Program for dagen

10.00 - 12.00 Ope årsmøte i Skogselskapet i Rogaland. Kaffi med noko attåt

12.00 - 12.45

Lunsj

12.45 - 18.00

Seminar "Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid"

 

Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid

12.45 - 12.55 Velkomen til Vindafjord Ole Johan Vierdal, ordførar i Vindafjord
12.55 - 13.20 Statsforvaltaren si klimasatsing - verkemiddel for samspel i landbrukets klimaarbeid   Lone Merethe Solheim, Statsforvaltar og Geir Skadberg, landbruksdirektør
13.15 - 13.30 Fylkeskommunen sine ambisjonar og rolle i klimaarbeidet Arne Bergsvåg, fylkesvaraordførar
13.30 - 13.50 Korleis arbeider kommunen med grøn omstilling og målretta klimatiltak  Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef Vindafjord
13.50 - 14.10 Spørsmål og beinstrekk  
14.10 - 14.25 Bønder varmar kommunen og Rogaland fylkeskommune med fornybar energi Harald Selsås, Vindafjord Biovarme DA, rådgivar Nortura og bonde
14.25 - 14.40 Etablering av biogassatsing i Sandeid/Ølen Kjell Tomas Kirketeig, bonde og initiativtakar biogass
14.40 - 15.00 Spørsmål  
  Utferd  
15.15 - 16.45 Klimavennlege og rimelege landbruksbygg i tre

Vert: Tore Hundseid Birkeland, bonde og næringsutviklar. 

Adresse: Fjellgardsvegen 781, 5583 VIKEDAL                                    

17.10 - 18.00 Solceller på taket i kombinasjon med flisfyrt gardsvarmeanlegg for smågrisproduksjon

Vert: Kjell Tomas Kirketeig bonde og initiativtakar biogass.

Adresse: Sandeidvegen 321, 5580 ØLEN

Deltaking på årsmøte og klimaseminar inkludert lunsj og anna servering er gratis. Det blir sett opp bussar for transport på utferdsdelen.

Vi gjer merksam på at det er litt avgrensa med parkering ved Vikedal Kro og motell Saudavegen 5075, 5583 Vikedal, men rikeleg med parkering ikkje langt unna ved Vikedal Bygdehus Kyrkjehølsvegen 14, 5583 Vikedal.

Påmeldingsfrist er torsdag 9. september 2021.

Velkomen til Vindafjord og Vikedal!

 

Påmelding årsmøte og klimaseminar

Dato:
16. september 2021
Sted:
Vikedal, Vindafjord kommune
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Vindafjord kommune, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Alle som jobbar med landbruk eller næringsutvikling i forvaltning og næringsliv