Ingen kommunar i Rogaland har liten økonomisk handlefridom

Lysefjorden i Ryfylke
Lysefjorden - Sandnes kommune er grøn også når det gjeld økonomisk handlefridom Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

KS har også i år gjort ein analyse av i kva grad kommunane i landet har økonomisk handlefridom. Analysen er gjort på konserntal for 2020. Kommunane er delt inn i tre kategoriar: kommunar med avgrensa økonomisk handlefridom (raude), kommunar med moderat økonomisk handlefridom (gule) og kommunar med større grad av økonomisk handlefridom (grøne). I Rogaland er dei fleste kommunane grøne, men vi har fem kommunar i fylket som er gule.

Publisert 21.07.2021

Følgjande kriterium og inndeling er brukt i analysen

For at ein kommune skal kome på raudt må kommunen ha avgrensa økonomisk handlefridom (raudt) på tre kriterium. For at ein kommune skal kome på grønt må kommunen ha større grad av økonomisk handlefridom (grønt) på minst to av kriteria eller større grad av økonomisk handlefridom på eit av kriteria og moderat økonomisk handlefridom (gult) på dei to andre kriteria. Dei andre kommunane kjem på gult. Dette er dei tre kriteria:

  • korrigert netto lånegjeld (langsiktig gjeld trekt frå pensjonsplikter, utlån og ubrukte lånemidlar)
    • over 85 prosent av driftsinntektene er avgrensa økonomisk handlefridom (raudt)
    • mellom 65 - 85 prosent av driftsinntektene er moderat økonomisk handlefridom (gult)
    • under 65 prosent av driftsinntektene er større grad av økonomisk handlefridom (grønt)

  • netto driftsresultat etter avsetning til bundne fond
    • under 1 prosent av driftsinntektene er avgrensa økonomisk handlefridom (raudt)
    • mellom 1 - 2 prosent av driftsinntektene er moderat økonomisk handlefridom (gult)
    • over 2 prosent av driftsinntektene er større grad av økonomisk handlefridom (grønt)

  • disposisjonsfond inkludert regnskapsmessige meir-/mindreforbruk
    • under 5 prosent av driftsinntektene er avgrensa økonomisk handlefridom (raudt)
    • mellom 5 - 8 prosent av driftsinntektene er moderat økonomisk handlefridom (gult)
    • over 8 prosent av driftsinntektene er større grad av økonomisk handlefridom (grønt)

Resultatet for kommunane i Rogaland

I Rogaland er det ingen kommunar som er på raudt med avgrensa økonomisk handlefridom. Fem kommunar er på gult med moderat økonomisk handlefridom. Dette er Lund, Time, Gjesdal, Randaberg og Strand. Resten av kommunane i Rogaland er på grønt.

Dette er forklaringa på at desse fem kommunane er på gult:

Lund kommune er gul på alle dei tre kriteria: netto driftsresultat, netto lånegjeld og disposisjonsfond.

Time kommune er grøn på netto driftsresultat, raud på netto lånegjeld og gul på disposisjonsfond.

Gjesdal kommune er gul på netto driftsresultat, raud på netto lånegjeld og grøn på disposisjonsfond.

Randaberg kommune er raud på netto driftsresultat og netto lånegjeld, men gul på disposisjonsfond.

Strand kommune er raud på netto driftsresultat og netto lånegjeld, men grøn på disposisjonsfond.

Sjå komplett kommuneoversikt med nøyaktige tal under.

Resultata er ikkje direkte samanliknbare med tidlegare år

I kva gruppe kommunane kjem for 2020 i denne analysen kan ikkje samanliknast direkte med resultata frå tidlegare år. Det er fordi det er blitt færre kommunar og grensa for gjeldsnivå som gir avgrensa økonomisk handlefridom i analysen er heve frå 75 prosent av driftsinntektene til 85 prosent.

Vi har lenka til den saka vi skrev i fjor med resultata for kommunane i Rogaland for 2019. Då var Sandnes kommune også ein gul kommune. Sandnes kommune er ei av dei nye kommunane frå 2020 og kommunen er no grøn.

Sjå også lenke til KS sin artikkel om analysen for 2020.

Komplett kommuneoversikt for Rogaland

Kommune Netto driftsresultat inkl. netto bundne avsetninger i prosent av driftsinntekter Netto lånegjeld korrigert for ubundne investeringsfond i prosent av driftsinntekter Disposisjonsfond inkl. rekneskapsmessig meir-/mindreforbruk i prosent av driftsinntekter
Eigersund 3,7 89,5 19,1
Stavanger (frå 1.1.2020) 3,3 76,3 13,7
Haugesund 1,7 69,9 11,1
Sandnes (frå 1.1.2020) 2,2 92,3 12,8
Sokndal 2,2 49,0 20,0
Lund 2,0 72,3 6,2
Bjerkreim 4,7 34,4 12,5
5,1 77,1 17,3
Klepp 4,7 67,6 15,3
Time 2,2 95,3 6,9
Gjesdal 1,5 96,1 10,1
Sola 4,1 90,1 11,5
Randaberg -0,7 121,7 6,5
Strand 0,7 106,7 12,5
Hjelmeland 6,6 68,5 18,6
Suldal 2,1 31,7 33,5
Sauda 2,9 81,6 17,2
Kvitsøy 3,8 50,8 29,7
Bokn 0,9 47,7 32,0
Tysvær 6,6 97,8 25,5
Karmøy 3,4 55,0 15,5
Utsira 8,9 58,4 23,8
Vindafjord 9,1 56,6 18,4

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.