Koronaviruset: Her held du deg oppdatert
Koronaviruset har ramma mange rogalendingar. Kor skal du finna nødvendig informasjon?
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
Fylkesmannen sitt ansvar er å vera eit bindeledd mellom kommunane og sentrale helsestyresmakter. Me held også tett kontakt med dei regionale helseføretaka; Helse Fonna og Helse Stavanger.
Kven kan svara på kva?
Det er mange som tar kontakt med Fylkesmannen i samband med utbrotet av korona. Mange av spørsmåla som kjem må me ta vidare til Helsedirektoratet. Me har ei eiga e-post-adresse til koronaspørsmål. Denne finn du under Kontaktpersonar.
Når det gjeld konkrete spørsmål om ulike arrangement, reiser, konferansar m.m. er dette noko som må avklarast gjennom dialog med smitteverntenesta i den enkelte kommunen.
– Me samarbeider tett med kommunane og prøver å fanga opp problemstillingar som sentrale helsestyresmakter må vita om, seier fylkeslege Janne Dahle-Melhus.
Fylkesmannen i Rogaland arrangerer jamlege møte med alle kommunane i fylket, i tillegg samlar me fylkesberedskapsrådet for å få ei brei oppdatering.
Når det gjeld våre eigne arrangement er dei i stor grad digitaliserte. Me gjer konkrete vurderingar rundt kvart enkelt arrangement framover.
Oppdatert informasjon
For oppdatert informasjon om koronautbrotet i Norge, tilrår me bruka av desse to nettsidene: regjeringa.no, Folkehelseinstituttet, Utdanningsdirektoratet og helsenorge.no
Her finn du konkrete råd om koronaviruset. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringa informasjonstelefonen på 815 55 015.

Kontaktpersonar
Lenkjer
