Leve hele livet – ei eldrereform for alle

Korleis skal vi skapa eit meir aldersvennleg samfunn der eldre kan leva gode liv og delta i fellesskapet? Leve hele livet-reforma har som mål å finna svara.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2020

«Vi vil leve lenge vi, men gammel vil vi aldri bli», syng Halvdan Sivertsen. Han er nok ikkje åleine om å tenka slik.

Helseminister Bent Høie skreiv i Dagbladet 3. mars 2017: «Jeg er redd for å bli gammel! Mange av oss har hørt venner og familie si det (…) Tilsyn og undersøkelser tyder på at det er betydelige forskjeller i kvaliteten på tjenestene til eldre».

Alderdommen må planleggast

Planlegging av korleis du vil ha det i alderdommen må starta i god tid før du har blitt gammal. Kor skal du bu? Korleis skal bustaden sjå ut? Korleis innretta seg for å meistra kvardagen når helsa ikkje er like god lenger?

Eldre har større kjøpekraft enn tidlegare generasjonar og kan skaffa seg hjelpemiddel for å gjera kvardagen lettare. Dette gir næringslivet høve til å utvikla gode produkt. Framtidige pensjonistar har teknologiske ferdigheiter og kan ta i bruk hjelpemiddel for å meistra kvardagen – og ikkje minst «overvaka» eiga helse.

 

Eit godt liv - lenge

I 2018 vedtok Stortinget Leve hele livet-reforma, ei kvalitetsreform for eldre. Før stortingsmeldinga blei skriven, blei det gjennomført dialogsamlingar fleire stader i landet. Eldre og pårørande, tilsette og leiarar i kommunane, frivillige og forskarar blei inviterte. Kva verktøy må kommunane ta i bruk for å betra tenestene? Kva må ryddast av vegen for å betre tenestene? Korleis skal kommunane læra av kvarandre? Korleis skal eldre skal få dekt behova sine for mat, aktivitet, fellesskap og helsehjelp?

Målgruppa er eldre over 65 år, både dei som bur heime og dei som bur på institusjon. Overordna er målet å bidra til fleire gode leveår med god livskvalitet, helsehjelp når dei har behov for det, pårørande som ikkje blir utslitne og tilsette som trivst på jobben og får brukt kompetansen sin på ein god måte.

Dei aller fleste eldre lever godt, har få helseplager og klarer seg utan særleg hjelp langt inn i alderdommen. Behovet for hjelp aukar jo eldre me blir. 2017-tal frå Statistisk sentralbyrå viser det var i underkant av 10 prosent i aldersgruppa 67–79 år som mottok omsorgstenester. I gruppa 80–89 år mottok rundt 45 prosent tenester. Frå 90 år aukar det til om lag 85 prosent.

 

Løysingane finst, men ikkje ei samla oversikt

Utgangspunktet for Leve hele livet er at gode løysingar finst ute i kommunar, fylkeskommunar og helseføretak, men at dei i liten grad blir delte med andre. Det skal reforma få gjort noko med.

Reforma har fem satsingsområde med konkrete mål:

  • Eit aldersvennleg Norge. Målet er å skapa eit samfunn som legg til rette for at eldre kan bidra og delta i samfunnet.
  • Aktivitet og fellesskap. Målet er auka aktivitet, gode opplevingar og fellesskap.
  • Mat og måltid. Målet er å redusera underernæring og skapa gode mat- og måltidsopplevingar for den enkelte.
  • Målet er å auka meistring og livskvalitet, førebygga funksjonsfall og gi rett hjelp til rett tid.
  • Samanheng og overgangar i tenestene. Målet er auka tryggleik og eit føreseieleg pasientforløp til eldre og pårørande.

Det er oppretta eit regionalt støtteapparat. Dette består av Fylkesmannen, KS og Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester. Støtteapparatet skal støtta opp om endringsarbeidet i kommunane og legga til rette for erfaringsdeling, kunnskapsutveksling og lokalt forbetringsarbeid.

 

Mange er godt i gang

I HentMeg-ordninga i Sauda kan offentleg transport bestillast. Turstiane i Forsand er godt opplyste og det er ikkje langt mellom benkane. Dette er gode tiltak for at eldre skal komma seg ut.

I samarbeid med skular og barnehagar blir det arrangert treff på tvers av generasjonar. Det er tilbod om hobbygrupper, sosiale samkomer og fysiske aktivitetar som turgrupper, yoga og styrketrening. «Sterk og stødig» er eit tilbod i Stavanger. Fysisk trening kan førebygga fall. Fall er eit kjempeproblem. Eldre som fell har ti gonger så stor risiko for å enda på sjukeheim.

Kommunar samarbeider med kyrkja og menigheitene. Her er det viktig å tenka på trus- og livsynsmangfaldet og eldre frå andre kulturar og mangelfull norskkunnskap.

Gode måltidsopplevingar og systematisk ernæringsarbeid er vektlagt av kommunane. Kroppen endrar seg med års, muskelmassen blir redusert og mange eldre står i fare for å bli underernærte. Kompetanse på ernæring er nødvendig.

Nokre kommunar tilbyr førbyggande eller helsefremmande heimebesøk, andre arrangerer seniordagar for å spreia informasjon. Alle kommunane i Rogaland har tatt i bruk velferdsteknologi i større eller mindre grad.

Gode rutinar for overgangar mellom kommune og sjukehus, heimesjukepleie og sjukeheim er viktig for at det skal bli god samanheng i tenestene. Kva er viktig for deg? blir det spurt om i staden for kva feiler det deg – eller kva kan me hjelpa deg med? Det skal takast utgangspunkt i den enkeltes behov.

Pårørande er ein viktig ressurs. Det blir lagt ned om lag like mange årsverk omsorgstenester av pårørande som av det offentlege. Systematisk samarbeid med pårørande er under utvikling. Sandnes kommune har ein eigen pårørandestrategi, der pårørande får opplæring og avlastning.

Det offentlege kan ikkje gjennomføra reforma åleine. Heile storsamfunnet må engasjera seg. Offentleg sektor, næringslivet, utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø, frivillige og ideelle organisasjonar. Saman skal me skapa eit aldersvennleg Norge.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.