Frå plan til handling

Det er tid for å starte gjennomføring av vedtekne planar.

Publisert 27.05.2021

Vi er inne i fase tre i tidsplanen for reforma. Dette er fasen for gjennomføring, implementering og rapportering.  

Leve hele livet er ein nedanfrå og opp reform som skal mobilisere bredt. Eldre skal saman med tilsette og leiarar bidra til endringar og utforming av aldersvenleg samfunn. Det skal skje ei endring i form av fortløpande forbetring, nye løysingar og nye samarbeidspartar. Internasjonal forsking tydar på at ein lukkast når medarbeidarar og dei som mottek tenestene eller tilboda har eigarskap til målet med endringane, er involverte i å utvikle nye  løysingar.

Vi må alle sjå framover og vera visjonære, samstundes som me er jordnære og tett på.

Kontaktpersonar