Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Rett til å gå på næraste skole

Alle barn har rett til å gå på den skolen som ligg geografisk nærast heimen. (Foto: SFRO)
Alle barn har rett til å gå på den skolen som ligg geografisk nærast heimen. (Foto: SFRO)

Alle barn har rett til å gå på den offentlege skolen som ligg nærast heimen i sin kommune. Dette gjeld også for barn med behov for spesialundervisning.

Publisert 23.02.2021, Sist endra 23.02.2021

Målet med denne nærskoleretten er at alle barn skal få gå på grunnskole med sine søsken og dei andre barna frå sitt nærmiljø, og føle tilhør til skolen i det nærmiljøet. Dette gjeld både barneskolen og ungdomsskolen. Retten til å gå på nærskolen står i opplæringslova kapittel 8.

Skolekretsar

Kommunen kan lage forskrift om skolekretsar.  Det vil seie at kommunen bestemmer kva for område som soknar til dei ulike skolane i kommunen. For eksempel kan kommunen bestemme at alle i ei gate eller eit bustadfelt skal høyre til same skolekrets. Då får barna rett til å gå på same skole, sjølv om dei som bur ytst i feltet kanskje bur nærare ein annan skole. Skolekretsar kan på denne måten vere med på å sikre at barn frå same område får gå saman på skolen.

Skolekretsgrensene må samstundes ligge innanfor ei rimeleg tolking av kva som er den geografisk næraste skolen. Du skal for eksempel ikkje måtte gå dobbelt så langt til skolen berre fordi kommunen har skolekretsgrenser. Naturlege forhold som fjell og elver, skolevegar som er særleg trafikkfarlege og liknande kan vere gode grunnar til at kommunen bestemmer at elevar må gå på ein annan skole enn den som reint faktisk ligg nærast heimen. Men til vanleg vil retten til å gå på den næraste skolen trumfe kommunen sin rett til å lage skolekretsar.

Kva om den næraste skolen er full?

Det er ikkje lov å ha for mange elevar inne på ein skole. Alle må blant anna ha nok plass å bevege seg på, og nok luft å puste i. Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler seier mykje om dette. Av og til har ikkje skolen plass til alle elevane som bur nærast denne skolen. Då må kommunen gi dei plass på ein annen skole. Dette gjeld vanlegvis elever som ikkje har begynt på skolen ennå, førsteklassingar eller eldre elever som flyttar til området. Det er svært sjeldan at elevar som allereie går på ein skole blir flytta. Dersom du får melding om at skolen er full og at eleven får plass på ein annan skole, har du rett til å klage på avgjerda. Sjå avsnittet under om klager.

Skolestart

Alle foreldre skal få melding om kva skole barna har fått plass på når dei skal begynne i første klasse. Meldinga skal komme i god tid før skolestart. Viss du nettopp har flytta til kommunen, eller av andre grunnar ikkje har fått ei slik melding, må du ta kontakt med kommunen snarast.

Ønskjer du ein annan skole enn nærskolen, må du søkje kommunen om dette.

Du kan søkje om å byte skole

Dersom ein elev ønskjer å gå på ein annan skole enn dei får plass på, eller vil byte skole, kan eleven/foreldra søkje kommunen om dette.

Slik gjer du:

1) Skriv eit vanleg brev eller ein e-post der du skriv kva skole du har plass på, og kva skole du ønskjer plass på. Ta med grunnen/grunnane for at du ønskjer plass på denne skolen. Send eller lever søknaden til den skolen som ligg nærast heimen, altså den skolen du allereie har.

2) Rektor svarer skriftleg om du får byte skole eller ikkje. I svarbrevet skal det stå kvifor rektor svarer ja eller nei på søknaden din. Dette brevet blir kalla eit «enkeltvedtak». Det skal stå i enkeltvedtaket at du kan klage dersom du ikkje er nøgd med svaret. Det skal stå kven du skal sende klagen til, og at du må klage innan tre veker frå du fekk enkeltvedtaket.

Klage

Dersom du fekk avslag på ein søknad om skoleplass eller vil klage på plassen du har fått, må du gjere det innan tre veker frå du fekk meldinga. Klagen må vere skriftleg.

Slik gjer du:

1) Skriv eit vanleg brev eller ein e-post som du sender til den som har underteikna enkeltvedtaket. Det pleier å vere rektor på den skolen du har frå før, eller kommunen. I klagen skriv du kva vedtak du klagar på og forklarer kva endring du ønsker. Du bør skrive kvifor du ønsker endring av vedtaket. Husk at klagefristen er tre veker frå du fekk enkeltvedtaket.

2) Rektor/kommunen kan gjere om vedtaket. Det betyr at du får medhald i klagen, og får plass på skolen du ønsker deg. Dersom du ikkje får medhald, skal rektor/kommunen sende klagen til Statsforvaltaren. Kommunen sender deg brev i posten om dette. Dette skal skje automatisk. Du treng ikkje gjer noko.

3) Dersom klagen blir sendt til Statsforvaltaren, vil du få svar frå oss i posten. Du får enten medhald i klagen og plass på skolen du ønsker, eller ikkje medhald i klagen (avslag). I nokre tilfelle sender vi saka tilbake til kommunen for ny behandling. Statsforvaltaren er endeleg klageinstans for klager om skolebyte. Du kan ikkje klage på svaret du får frå Statsforvaltaren.

Kva har du rett på og kva kan Statsforvaltaren gjere?

Elevar har ei lovfesta rett til å gå på den næraste grunnskolen i kommunen. I ei klagesak vil Statsforvaltaren vurdere om eleven sin rett er oppfylt eller ikkje. Dersom eleven ikkje har fått plass på den næraste skolen, vurderer vi om kommunen har gode nok grunnar for å bestemme at eleven må gå på ein annan skole.

Viss du har søkt om plass på ein annan skole i kommunen, eller ein skole i ein annan kommune, så er ikkje dette noko du har lovfesta rett på. Då er det kommunen som vurderer søknaden og svarer ja eller nei. Avgjerda ligg under kommunen sitt «frie skjønn». Det betyr at Statsforvaltaren berre kan endre kommunen sitt vedtak dersom kommunen:

a)      ikkje fylgjer opplæringslova

b)      det er lagt til grunn feil fakta

c)      det er gjort saksbehandlingsfeil

d)     dersom kommunen ikkje har fylgt god forvaltningsskikk. Det vil seie at kommunen har tatt utanforliggande omsyn, har usakleg forskjellsbehandla eller gjort eit kvalifisert urimeleg vedtak.

Reglar om klage og saksbehandling finn du i forvaltningslova frå § 28 og utover.

Elevar med to heimar kan ikkje gå på to skolar

Elevar med delt bustad kan ikkje ha plass ved to ulike skolar samstundes. Vi reknar det heller ikkje som forsvarleg for eleven si opplæring å gå på to skolar. Alle barn har rett til å gå på den skolen som ligg nærast deira folkeregistrerte adresse. Barn kan ikkje vere folkeregistrerte to stadar. Foreldra som ikkje bur saman må velje kva heim barnet skal folkeregistrerast på. Barna får så rett til å gå på den skolen som er nærast denne adressa.

Foreldra kan søke om plass på annan skole enn nærskolen, også om det gjeld i ein annan kommune. Men eleven vil ikkje ha lovfesta rett til å gå på ein annan skole enn nærskolen. Sjå avsnitta over om korleis du søker om skolebyte.

Kva om vi flyttar?

Viss du flyttar til ein annan skolekrets eller nærare ein annan skole, får du ny folkeregistrert adresse og rett til å gå på den nye skolen.

Dersom du ønskjer å fortsetje på den gamle skolen, bør du snakke med rektor på den gamle skolen om dette. Viss du har flytta innan same kommune, vil rektor lettare kunne svare på om du kan fortsetje eller ikkje. Du må sannsynlegvis søke skriftleg om å få fortsetje. Sjå avsnitta over om korleis du søkjer om skolebyte. Kommunen vurderer søknaden og svarer på den.

Dersom du har flytta til ein annan kommune, er sjansen nok mindre for at du får halde fram på den gamle skolen. Men det er lov å søke. Husk å ta med alle grunnane for at du vil fortsette på den gamle skolen. Viss du for eksempel berre har eitt år eller mindre enn eitt år igjen på ungdomstrinnet, er det viktig å få dette fram i søknaden.

Retten til å gå på den næraste skolen gjeld ikkje for vidaregåande skole

Når du kjem på vidaregåande nivå, har du ikkje nokon lovfesta rett til å gå på den vidaregåande skolen som ligg nærast heimen. Du har likevel rett til vidaregåande opplæring, og dei fleste i Rogaland går på ein av skolane som ligg nærast heimstaden.

Tvangsflytting av elevar

Alle elevar har rett til eit godt miljø på nærskolen sin. Dei skal til dømes ikkje føle seg trua, redde eller krenka. Dersom ein eller fleire elevar øydelegg skolemiljøet for andre, må skolen gjer noko med dette. Skolen må setje i verk tiltak som sikrar at alle elevane igjen får eit godt skolemiljø. Dersom tiltaka ikkje verkar, kan elevar som i særleg grad øydelegg skolemiljøet for andre bli flytta til ein annan skole. Det står i opplæringslova kapittel 8 at elevar kan flyttast vekk frå nærskolen og til ein annan skole når omsynet til dei andre elevane tilseier det. Det å tvangsflytte ein elev er ein særs sterk reaksjon frå skolen sin side, og det får store konsekvensar for den eleven som blir flytta. Det er derfor viktig at skolen prøver mange andre tiltak først.

Kan kommunen legge ned nærskolen?

Opplæringslova inneheld ingen reglar for oppretting eller nedlegging av skoler. Det gjer heller ikkje annan lovverk. Endringar i skolestrukturen høyrer til innan kommunane sitt handlingsrom. Kommunen må likevel vurdere barna sitt beste i avgjerd som gjeld skolestruktur, i tråd med barnekonvensjonen. Barn skal heller ikkje få uforholdsmessig lang skoleveg.

Når kommunen vurderer å endre skolestrukturen, for eksempel å opprette ein skole, å legge ned ein skole, å legge ned trinn ved ein skole eller liknande, må saka vere forsvarleg opplyst før politikarane tar avgjerda. For at saka skal bli tilstrekkeleg opplyst er det viktig å sikre almen innsynsrett, og alle involverte partar bør få høve til å uttale seg. Dei som skal uttale seg kan vere skolen sitt samarbeidsutval, skolemiljøutval, tilsette sine fagforeiningar, foreldreråd, elevråd og grendalag eller organisasjonar med interesse i saka. Det er dei folkevalte politikarane som avgjerd saka til slutt.

 

Relaterte saker: