Sola utfordrar jordvernet

I framlegget til ny kommuneplan i Sola er seks bustadområde, tre massedeponi og eitt næringsområde lagt på dyrka mark. Det er i strid med nasjonale jordverninteresser og Regionalplan Jæren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.02.2015

Bustadområda vil også vera vanskelege å knytta til eit høgverdig kollektivsystem, og kjem i tillegg i konflikt med nye statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, meiner Fylkesmannen i Rogaland.

Fylkesmannen har motsegn til seks bustadområde, tre massedeponi og eitt næringsområde som Sola kommune har lagt på dyrka mark i framlegget til ny kommuneplan 2015-2026.

Størst nedbygging på Jæren

Dei siste åra har den største nedbygginga av matjord i Noreg skjedd på Jæren. Med dette som utgangspunkt er det nødvendig at Sola og dei andre kommunane på Jæren følgjer opp nasjonale mål om å ta vare på matjord og følgjer opp Regionalplan Jæren. Hovudføremålet med regionalplanen er å sikra ei styrt by- og tettstadsutvikling i regionen, samtidig som landbruksområda blir sikra.

Båthamner i naturområde

Fylkesmannen har også motsegn til to småbåthamner som er plasserte i eit område som er viktig for våtmarksfugl med stort naturmangfald. Båtanlegga er plasserte i Sømmevågen og rett sør for Risavika, inntil grensa Jærstrendene landskapsvernområde.

Lite konkret samfunnsdel

Fylkesmannen meiner at samfunnsdelen til kommuneplanen gir eit godt oversyn over utviklinga og utfordringar i kommunen. Men han er lite konkret i forhold til prioriteringar og mål. Samfunnsdelen manglar ein handlingsdel i samsvar med kravet i plan- og bygningslova § 11-2.

Framlegget til kommuneplan og Fylkesmannen sin uttale finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.