Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


Publisert 11.10.2013

Elektronisk søknad om rovvilterstatning

Søknadsfristen for å få erstatta husdyr tapt til rovvilt er 1.november. Frå 2013 må søknaden sendast elektronisk via Elektronisk søknadssenter på Miljødirektoratet si heimeside.


Publisert 02.10.2013

Lisensfelling av ulv 2013-2014

Rovviltnemnda har opna opp for lisensfelling av ulv i kommunane Rindal, Surnadal, Sunndal, Nesset, Rauma og Norddal i vårt fylke samt i heile Sør-Trøndelag fylke. Samla kvote er på 2 ulvar, og fellingsperioden startar 1. oktober.


Publisert 09.09.2013

Lisensfelling av jerv sesongen 2013/2014

Rovviltnemnda har ikkje opna opp for lisensfelling i det området der det er mål om å ha ynglande jerv i vårt fylke. Dei har vedteke ei kvote på 6 - seks - jervar i den delen av Møre og Romsdal der det ikkje er mål om å ha ynglande jerv. Det vil i grove trekk seie i heile fylket med unnatak av Snøhettaområdet og Reinheimen.


Publisert 06.09.2013

Lisensfelling av bjørn 2013

Miljødirektoratet har opna opp for lisensfelling av 4 bjørnar utanfor det vedtekne yngleområdet i region 6. Forutan Møre og Romsdal består region 6 av Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Det vedtekne yngleområdet for bjørn ligg aust i Nord-Trøndelag fylke.


Publisert 28.02.2013

Lisensfelling av ulv er starta opp att


Publisert 28.02.2013

Lisensfelling av jerv


Publisert 27.02.2013

Gaupejakt 2013


Publisert 04.12.2012

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Ordninga skal også medverke til å dempe konfliktar


Publisert 18.01.2012

Gaupejakt 2012

Etter klageavgjerd i Miljøverndepartementet blir det ikkje opna opp for gaupejakt i kvotejaktområdet i Møre og Romsdal. Elles i fylket er det kvotefri jakt på gaupe. Jakttida er 1. februar – 31. mars.


Publisert 04.01.2012

Mindre rovviltskade på sau i 2011

Det blei erstatta 850 sau/lam på grunn av rovviltskade i 2011. Samla utbetaling var på vel 1,6 mill kroner. Som vanleg var det jerv som var årsak til størstedelen av desse tapa (818 sau/lam).