Rekordmange gauper felt i Møre og Romsdal

Det blei felt 6 gauper i Møre og Romsdal under årets gaupejakt.  Flest gauper vart felt i Nesset kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.04.2016

Vi må nærare 130 år attende for å finne tilsvarande fellingstal. Ikkje sidan 1888 er det felt fleire gauper under jakt, då det vart felt 12 gauper i Møre og Romsdal.

Etter vedtak i Rovviltnemnda for region 6 Midt-Noreg, vart det for gaupejakta 2016 tildelt ein kvote på to gauper i kvotejaktsområdet på Nordmøre. For dette området var det fastsett at det kunne fellast maksimalt eitt vakse hodyr. Ved fellinga av ei vaksa hogaupe i Halsa kommune 20. februar, vart gaupejakta stoppa i dei nordmørskommunane der rovviltnemnda har vedtatt at det skal vere ynglande gaupe (kvotejaktsområdet). I resten av fylket, på lik line med resten av Vestlandet, er det ikkje noko mål om å ha ein fast gaupebestand, og det er kvotefri jakt. I områda med kvotefri jakt, vart det felt fire gauper i Nesset og ei gaupe på Averøya.

Det har jamt over vore gode sporingstilhøve i heile fylket under gaupejakta. God sporsnø og ein betydeleg jegerinnsats har medverka til det høge fellingsresultatet.

Total vart det felt 31 gauper under gaupejakta i Midt-Noreg i 2016. Av desse blei 21 gauper felt i Nord-Trøndelag, 4 i Sør-Trøndelag og 6 i Møre og Romsdal.

 

Grafen viser bestandsutviklinga for gaupe basert på registrert avgang av gaupe under jakt i perioden 1846-2016.

Om gaupe

Gaupa er det einaste ville kattedyret i Noreg. Gaupa er ein smygjeger, og et hovudsakleg hjortedyr, der dei viktigaste byttedyra er rådyr og tamrein. I sommarhalvåret kan også sau vere eit viktig byttedyr. I tillegg et gaupa småvilt som raudrev, hare og fugl.

Gaupa er oppført som sterkt trua på Norsk rødliste for arter 2015. Den norske gaupebestanden var i 2015 estimert til mellom 297 og 415 dyr. I Møre og Romsdal vart det dokumentert to ynglingar (familiegrupper) i 2015.

Statistisk sentralbyrå sin jaktstatistikk fortel noko om storleiken på rovviltbestandane dei to siste århundra. Rundt 1850 var gaupa vanleg over store delar av Noreg, med unntak av Vestlandet og Nord-Noreg. Frå 1845 var det statleg skotpremie på gaupa, og ingen begrensingar i jakta. Dette medførte at gaupebestanden gjekk attende. Ved overgangen til 1900 var det berre små og spreidde gaupebestandar att. Med den nye viltlova i 1981 vart det innført freding under yngletida, og den statlege skotpremieordninga avvikla. I 1992 og 1993 var gaupa freda i Sør-Noreg. I 1994 vart det innført kvoteregulert jakt i heile landet, med unntak av Finnmark og delar av Sør og Vestlandet, inklusive Romsdal og Sunnmøre. Her vart det innført kvotefri jakt.

Jakttida på gaupe er 1. februar  - 31. mars.

Rovviltregion 6 Midt-Noreg

Ved handsaminga av St.meld. nr. 15 (2003-2004) "Rovvilt i norsk natur" vedtok Stortinget å opprette åtte regionale rovviltnemnder. Region 6 omfattar fylka Møre og Romsdal, Sør- og Nord-Trøndelag. Rovviltnemndene skal utarbeide ein forvaltningsplan for store rovdyr, for å oppnå fastsatte bestandsmål samstundes som ein sikrar føreseielegheit for landbruk, tamreindrift og utmarksbaserte næringar.

Rovviltnemnda i region 6 består av seks medlemar frå fylkestinga (fylkesutvalet) og Sametinget. Frank Sve er fast medlem i rovviltnemnda for Møre og Romsdal.

Bestandsmålet for gaupe i regionen er på 12 årlege ynglingar (familiegrupper). 2 av desse ynglingane skal vere i Møre og Romsdal, innafor kommunane gamle Aure, Halsa, Tingvoll, Rindal, Surnadal og den delen av Sunndal kommune som ligg nord for elva Driva.

Det er rovviltnemnda som fastset kvote for kvotejakta på gaupe når bestandsmålet for regionen er nådd.