Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


Publisert 26.10.2016

Opnar for lisensfelling av jerv i jervesona

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge vedtok i møte i Molde 25. oktober endringar knytt til lisensfellinga av jerv 2016/2017.


Publisert 21.10.2016

Rovvilterstatning for sau 2016

Fristen for å søke om erstatning for rovviltskader på husdyr i beitesesongen 2016 går ut 1. november.


Publisert 05.10.2016

Endring av fellingsområde for ulv

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge har i dag 5. oktober vedteke å utvide lisensfellingsområdet til å gjelde heile region 6 Midt-Norge (Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal). Lisenskvoten på 2 ulvar er ikkje endra.


Publisert 29.09.2016

Lisensfelling av ulv i Møre og Romsdal 2016/2017

Etter vedtak i rovviltnemnda for region 6 Midt-Norge kan det fellast 2 ulvar i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag i vinter. Lisensfellinga av ulv startar laurdag 1. oktober.


Publisert 09.09.2016

Lisensjakt på jerv 2016/2017

Det kan fellast fire jervar i Møre og Romsdal under lisensjakta som startar laurdag 10. september.


Publisert 05.08.2016

Kvote for lisensfelling av bjørn i 2016

Miljødirektoratet har opna for felling av 2 bjørnar i Midt-Norge under lisensjakta hausten 2016.  Fellingsområdet dekkjer heile Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, samt delar av Nord-Trøndelag.


Publisert 01.07.2016

Oppstart av revidering av forvaltningsplan for store rovdyr

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge melder oppstart av  arbeidet med revidering av forvaltningsplanen for store rovdyr.


Publisert 09.06.2016

Jerveaktivitet våren 2016

Statens naturoppsyn har registrert to ynglingar av jerv i Møre og Romsdal hittil i år.


Publisert 01.04.2016

Rekordmange gauper felt i Møre og Romsdal

Det blei felt 6 gauper i Møre og Romsdal under årets gaupejakt.  Flest gauper vart felt i Nesset kommune.


Publisert 21.01.2016

Kvote for gaupejakta 2016

Når gaupejakta startar 1. februar, kan det fellast to gauper på Nordmøre. I resten av fylket er det kvotefri jakt.