Naturmangfald

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


Publisert 08.07.2013

Tiltak mot framande planter

Fylkesmannen har løyvt kr. 300.000,- i skjønnsmidlar til arbeidet mot skadelege, framande planter i Kristiansund, Molde, Rauma, Sykkylven og Ålesund. Kommunane bidreg med samme beløp. Dei framande artane konkurrerer ut stadeigne artar, og naturen gror til med uønska vegetasjon. Midlane går til kartlegging, førebygging av spreiing, samt fjerning av nokre av dei mest skadelege artane, og ein skal utvikle lokale løysningar for tiltak mot desse artane.


Publisert 06.03.2013

Nettlenker for utfyllande informasjon om natur

Fylkesmannen har gitt ut informasjonsbrosjyren Naturarven i Møre og Romsdal som er sendt til offentlege etatar, organisasjonar, reiselivsnæringa, planleggingsfirma, media, skolar og andre.


Publisert 30.11.2012

Tilskot til truga naturtypar

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova kap. V, og truga naturtypar, jf definisjonen av truga naturtypar i Norsk rødliste for naturtyper. Søknader til ordninga skal fremjast elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 15. januar 2016.


Publisert 30.11.2012

Tilskot til viltformål

Tilskotsordninga skal medverke til eit haustingsverdig overskot av viltet.  Søknaden skal fremjast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 15. januar 2016.


Publisert 30.11.2012

Tilskot til truga arter

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på prioriterte arter etter naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og truga arter, jf definisjonen av truga arter i Norsk rødliste for arter. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar. For midlane øyremerka hubro er målgruppa i første rekkje eigarar av straumnett.

Søknader til ordninga skal fremjast elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssystem innan 15. januar 2016.


Publisert 09.10.2012

Korallrev, vulkanar og yrande liv på sjøbotnen utanfor Møre og Romsdal

Mareano kartlegg djupne, botnforhold, naturtypar og forureining i dei norske havområda. I desse dagar er dei på tokt utanfor Møre og Romsdal og leverer ferske bilete og data frå botnen av våre rike farvatn. Du kan no lese om den 55 millionar år gamle vulkanen utanfor Griptaren eller sjå bilete av dyrelivet på 200 meters djup på Sunnmørsbanken. Gå til mareano.no!


Publisert 30.07.2012

Forskrift om utsetting av framande treslag til skogbruksføremål

Forskrifta som tredde i kraft 1.juli 2012 medfører at det må søkjast om løyve hos fylkesmannen før utsetting av framande treslag. Føremålet med forskrifta er å hindre at utsetting av utanlandske treslag kan føre til uheldige følgjer for naturmangfaldet. Forskrifta er heimla i naturmangfaldloven sitt kapittel IV om regulering av innførsel og utsetting av framande organismar. Tidlegare var det kommunane som handsama slike saker etter berekraftsforskrifta med heimel i skogbruksloven.


Publisert 26.04.2012

Rettleiar i bruk av naturmangfaldlova

Naturmangfaldlova gjev felles retningsliner for korleis naturmangfald skal vektast og vurderast i vedtak etter ulike særlover. Ein ny rettleiar gjev innføring i praktisk bruk.


Publisert 03.01.2012

Naturkart for fylket

Fylkesmannen har gitt ut ein informasjonsbrosjyre som er sendt til offentlege etatar, organisasjonar, reiselivsnæringa, planleggingsfirma, media, skolar og andre.