Nettlenker for utfyllande informasjon om natur

Fylkesmannen har gitt ut informasjonsbrosjyren Naturarven i Møre og Romsdal som er sendt til offentlege etatar, organisasjonar, reiselivsnæringa, planleggingsfirma, media, skolar og andre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2013

Brosjyren er på 100 x 79 cm og er bretta til 20 x 20 cm.

På den eine sida er det eit kart over alle verneområda i Møre og Romsdal med mellom anna opplysningar om kven som har forvaltingsansvaret for dei. På den andre sida er det informasjon om mellom anna kartdatabasar som inneheld opplysningar om spesielle naturområde som ikkje er verna.

Lengst ned til høgre på informasjonssida er det ei liste over

Nettlenker for utfyllande informasjon om natur.

Nokre av linkane er endra sidan brosjyren vart trykt. Denne lista vil vi halde ajour på nettet.