Forureining og avfall

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir


Publisert 10.06.2020

Stans i mottak av avfall ved Miljøservice Eide AS

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har 10. juni 2020 vedtatt at Miljøservice Eide AS i Hustadvika kommune ikkje kan ta imot avfall i sitt anlegg med adresse Torvvegen 34, 6490 Eide.


Publisert 04.02.2019

Forbod mot fyring med mineralolje til oppvarming av bygningar

Frå 2020 vil det vere forbod omt å bruke mineralolje til oppvarming av bygningar. Nokre unntak blir det framleis, men for dei aller fleste vil tida no vere inne til å gå over til anna oppvarming. Det finst framleis støtteordningar å søkje på!


Publisert 04.01.2018

Årsrapport til Statsforvaltaren for avfallsverksemder

Avfallsverksemder må levere årsrapport til Statsforvaltaren. Fristen for innsending er 1. mars kvart år. Du finn skjema og meir informasjon i denne artikkelen.


Publisert 22.02.2017

Veit du om ei strand som må ryddast?

Interessa for å bidra i kampen mot marin forsøpling er for tida stor og Hold Norge Rent hjelper til med å organisere frivillige i dette arbeidet. På deira Ryddeportal kan du registrere område som er forsøpla og som treng å ryddast. Du kan og registrere eigne ryddeaksjonar eller finne ein aksjon å bidra til.


Publisert 02.02.2017

Luftkvalitet

Ulike forureiningar i utandørs luft kan føre til helseskadar. I nyheitene får vi av og til vite korleis det er i område av verda med svært høg luftforureining. Men også i Norge er luftkvaliteten dårleg i mange område. Særleg i periodar med kulde og tørt vêr hopar forureiningane seg opp.


Publisert 30.06.2015

Informasjon om mellombels anleggsarbeid

Mellombels anleggsarbeid treng som oftast ikkje løyve frå Stasforvaltaren, men som utbyggar eller tiltakshavar har du ansvar for å sikre at sjø og vassdrag ikkje blir skadelidande av ditt anleggsarbeid. På denne sida finn du informasjon om korleis du sikrar at det blir tatt omsyn til miljøet i store og små utbyggingsprosjekt.


Publisert 18.08.2014

Mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar

Dette er ei informasjonsside for føretak som driv «mekanisk overflatebehandling og vedlikehold av metallkonstruksjoner» og fell inn under kap. 29 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.